Ikkje alt innhaldet på denne sida finst på nynorsk.
Dersom du ikkje allereie er i Noreg når du får svar på søknaden din, kan du no reise inn til Noreg.
Først må du sjekke om du treng eit visum for å reise inn i Noreg. Sjekk om du er blant dei som ikkje treng visum.
Du kan reise inn til Noreg når som helst innan fristen som står i vedtaket ditt (vanlegvis seks månader).
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.
Korleis skaffar du deg opphaldskort?
Bestilling av time på Søknadsportalen
Dersom du nytta Søknadsportalen til å registrere søknaden din, kan du no logge deg inn på Søknadsportalen for å bestille timen (ekstern nettstad).
Bestilling av time på telefon
Dersom du ikkje nytta Søknadsportalen då du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Kva skjer på timen hos politiet?
Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.
Kor lang tid tar det før du får kortet?
Det vil ta minst 20 arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.
Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. Det er politiet som bestiller opphaldskort til deg.
Når du har levert søknad frå Noreg, kan det vere at du kan få opphaldskortet ditt utan å møte opp hos politiet på nytt. Viss det gjeld deg, sender politiet opphaldskortet til deg i posten. Det betyr at du ikkje treng å bestille time. Les under kven som må bestille time.
Hos politiet må du ta bilde og gi fingeravtrykk.
Bestilling av time elektronisk:
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du nå logge deg inn her for å bestille timen.
Bestilling av time på telefon:
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du i staden ringe det lokale politidistriktet ditt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Når du møter opp hos politiet for å bestilla opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt.
Dersom du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa di er når du møter hos politiet, slik at du blir registrert på riktig adresse i det norske folkeregisteret.
Dersom du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (ekstern nettstad).
Dersom du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakta folkeregisteret (ekstern nettstad).
Hvis du har fått oppholdstillatelse som au pair og har booket time hos politiet for å bestille oppholdskort, kan du flytte inn hos vertsfamilien og starte som au pair nå. Hvis du har booket time for å bestille oppholdskort, kan du altså begynne som au pair mens du venter på å få oppholdskortet.
Du har krav på ulike typar helsehjelp alt etter (ekstern nettstad) kva for situasjon du er i.
I noen tilfeller kan du miste oppholdstillatelsen din.
Å miste eit løyve betyr at UDI bestemmer at eit opphaldsløyve ikkje skal gjelde lengre. Det kan bety at du enten ikkje får bu i Noreg lengre, eller at du får eit nytt opphaldsløyve og opphaldet i Noreg byrjar å telje på nytt.
Det kan være ulike grunner til at du mister oppholdstillatelsen din, for eksempel hvis:
I noen slike tilfeller kan du også bli utvist fra Norge.
Her finner du mer informasjon om tilbakekall av en oppholdstillatelse.