Assistert overføring av flyktningar frå Ukraina


For å avlaste nabolanda til Ukraina har EU vedtatt å koordinere bistand til å overføre personar som er omfatta av mellombels vern i EU. Noreg er invitert til å delta saman med dei andre Schengen-landa.

Publisert: 23.09.2022

Utlendingsforvaltninga jobbar no med å hente flyktningar frå Moldova, samtidig som vi bidrar til medisinsk evakuering av pasientar og deira pårørande. Det er altså snakk om to ulike europeiske samarbeidsløysingar. 

Under ordninga for assistert overføring av flyktningar frå Ukraina planlegg vi å hente ut 2 500 personar frå Moldova. Under ordninga for medisinske evakuerte skal vi ta imot inntil 550 ukrainske pasientar som treng sjukehusbehandling, saman med deira pårørande.  

Totalt er det snakk om omtrent 5250 personar.

Assistert overføring frå Moldova 

Ved assisterte overføringar frå Moldova gjeld tilsvarande krav som dei som blir stilte til flyktningar som søkjer kollektivt vern frå Noreg. Det blir mellom anna kravd at personen som skal overførast oppfyller kriteria for personar som kan få mellombels kollektivt vern, og at identiteten er tilstrekkeleg sannsynleggjort.  

Elles gjeld følgjande kriterium for utvelging:   

  • Personar med familiemedlemmer (ikkje avgrensa til kjernefamilie) og anna tilknyting til landet vedkommande skal overførast til 
  • Personar med funksjonsnedsetjingar med familiemedlemmer
  • Personar med alvorleg helsetilstand med familiemedlemmer 
  • Gravide kvinner
  • Mødre med små eller mange barn
  • Øvrige sårbare personar 

Det er UNHCR som utarbeider og distribuerer kandidatliste i tråd med kriteria til Noreg og andre utvelgelseskriterium.   

UDI har tett samarbeid med andre etatar, og har laga rutinar for samarbeid internt og eksternt for begge ordningane. Vi er no i gang med assistert overføring frå Moldova, og dei første personane kom Noreg den 21. mai.

Du kan lese meir om saka på nettsidane til regjeringa sine nettsider (ekstern nettstad)

Her finn du informasjon frå UDI om krisa i Ukraina.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?