Familieinnvandring blir og kalla familiegjenforening eller familieetablering. Dei som søkjer om familieinnvandring er vanlegvis ektefelle, sambuar eller barn av ein som bur i Noreg. Andre typar familiemedlemmer som kan søkje er foreldre som har barn i Noreg, dei som skal gifte seg med ein i Noreg (trulova), fosterbarn og heilsøsken.