Kva vil det seie å bli utvist?
- Dersom du blir utvist, får du eit innreiseforbod. Du kan ikkje vere i Noreg så lenge innreiseforbodet ditt gjeld.
- UDI vil og bestemme om du skal få eit innreiseforbod som gjeld for alle Schengenlanda. Då vil du bli registrert i datasystemet Schengen informasjonssystem (SIS).
- Innreiseforbodet ditt kan gjelde for eitt år, to år, fem år, ti år eller for alltid.
- Dersom du oppheld deg i Noreg, blir innreiseforbodet ditt rekna frå den datoen du forlèt Noreg. Dersom du oppheld deg utanfor Noreg, blir forbodet rekna frå datoen som står i vedtaket.
Grunnar til å bli utvist
Du kan bli utvist dersom du ikkje er norsk statsborgar og
- du har brote norsk lov eller har blitt straffa for eit lovbrot i eit anna land
- du har fått eit opphaldsløyve etter å ha gitt feilaktige opplysningar til norske styresmakter
- du oppheld deg i Noreg utan opphaldsløyve eller gyldig visum
- du lèt vere å forlate Noreg etter å ha fått ein utreisefrist, til dømes etter å ha fått avslag på søknad om vern (asyl)
- du har arbeidd i Noreg utan eit opphaldsløyve som gir deg rett til å arbeide
- du har oppgitt feilaktig identitet til norske styresmakter eller halde tilbake opplysningar om at du har ein annan identitet i eit anna land
- eit anna Schengen-land har utvist deg
Kva for omsyn tek vi i utvisingssaker?
Når UDI vurderer om du skal utvisast og kor lenge innreiseforbodet ditt skal vare, vurderer vi kor alvorleg lovbrotet var, og kor mykje ei utvising vil gripe inn i livet ditt.
UDI vil vurdere om du likevel ikkje skal utvisast eller om du skal få eit kortare innreiseforbod dersom du
Du kan ikkje utvisast dersom du
- risikerer å bli utsett for forfølging eller umenneskeleg behandling i landet du ville blitt utvist til
- er utanlandsk statsborgar som er fødd i Noreg og har budd her heile livet.
Kan du kome tilbake til Noreg etter ei utvising?
- Du kan kome tilbake til Noreg når innreiseforbodet ditt har gått ut. Du må då søkje om besøksvisum eller opphaldsløyve på vanleg måte.
- Dersom du ønskjer å kome tilbake til Noreg på besøk eller for å bu her før innreiseforbodet ditt har gått ut, må du søkje om oppheving av innreiseforbodet.