Ei bortvising er berre eit mellombels forbod. Du kan kome tilbake til Noreg seinare.
Eit døme: Du blir vist bort når du skal reise inn til Noreg fordi du ikkje har med deg eit gyldig pass. Dersom du seinare kjem att med gyldig pass, vil ikkje det at du blei vist bort sist, hindre deg i å reise inn i Noreg.
Du kan levere ein skriftleg klage til politiet seinast tre veker etter at du blei vist bort. Politiet vil sjå på saka di på nytt og vurdere om dei skal gjere om vedtaket eller sende saka vidare til UDI. UDI vil ta ei endeleg avgjerd i saka di.