Mediepersonell som skal på oppdrag for utanlandsk medieinstitusjon i over tre månader


Krav til søkjaren

  • Du må betale eit søknadsgebyr
  • Du må vere tilsett i, eller på oppdrag for, ein utanlandsk medieinstitusjon.
  • Du må ha ein stad å bu i Noreg.

Rettar og plikter

  • Du kan få løyve for maksimalt to år av gongen.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
  • Ektefellen din eller sambuar og barna dine kan vanlegvis søkje om å bu med deg i Noreg. Viss familiemedlemmene dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene deira samtidig.