Arbeidsferie for unge vaksne frå Argentina


Argentiske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.

Krav til søkjaren

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du må vere argentinsk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Argentina.
  • Du må vere busett i Argentina.
  • Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
  • Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha 

     13 790‬ kroner i månaden

    , altså 

    41 370 kroner for dei første tre månadene

    .
  • Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar mens du er i Noreg.
  • Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
  • Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium

Rettar og plikter

  • Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar. 
  • Du kan få løyve for inntil eitt år til saman.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.