Skal søkje Sesongarbeidar
Du kan få opphaldsløyve som sesongarbeidar dersom du skal gjere ein jobb som berre kan gjerast på ei spesiell tid av året, eller dersom du skal vere ferievikar for ein som er fast tilsett. Du må ha ein jobb før du søkjer om opphaldsløyve hos UDI.
Informasjonen er tilpasset
Søkeren er statsborger i: Ukraina
Krav til å søke
-
Sesongarbeidar
Krav til sesongarbeidaren:
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må ha fylt 18 år.
- Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når du er ferdig med å arbeide i Noreg.
Krav til arbeidstilbodet:
- Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid. Du kan ha meir enn éin arbeidsgivar, men da må du ha eit konkret tilbod frå kvar av arbeidsgivarane.
- Arbeidet du skal utføre, må vere sesongarbeid, eller du må vere ferievikar for ein fast tilsett.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Du skal vere garantert ei minstelønn per time.
Krav til arbeidsgivaren:
- Arbeidsgivaren må få ei stadfesting frå Nav om at det ikkje er mogleg å finne nok arbeidarar frå Noreg eller EØS til å gjere jobben.
- Dersom arbeidet er innan jordbruks- og skogbruksnæringa, er det ikkje nødvendig med stadfesting frå Nav.
Krav til opphald utanfor Noreg mellom sesongarbeidarløyver (karantenetid):
- Dersom du har hatt løyve som sesongarbeidar i seks månader, må du opphalde deg i seks månader utanfor Noreg før du kan få nytt sesongarbeidarløyve. Du kan ikkje vere i Noreg i meir enn seks månader i løpet av ein periode på 12 månader.
Eksempel:
-
- Dersom du har hatt eit sesongarbeidarløyve i tre månader, kan du få eit nytt løyve for tre månader med ein gong.
- Dersom du har hatt eit sesongarbeidarløyve i to månader, kan du få eit nytt løyve for fire månader.
Rettar og plikter:
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familien din har ikkje rett på opphaldsløyve for å bu saman med deg i Noreg.