Russisk ufaglært arbeidar


Krav til arbeidstakaren

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du må vere russisk borgar og ha vore busett i Barentsregionen i minst eitt år. Det vil seie Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.

Krav til arbeidsforhold

Rettar og plikter

  • Du må søkje om nytt løyve dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar.
  • Du kan få løyve for eitt år om gongen. Løyvet kan fornyast for eitt år til, men etter det må du ha budd utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om nytt løyve.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.