Sjølvstendig næringsdrivande med firma i utlandet


Krav til arbeidstakaren

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha ein av desse typane utdanning/kompetanse:

  • Fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • Fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskule, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • Spesielle kvalifikasjonar som er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fullført fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst seks års yrkeserfaring. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same, som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Mange søknader blir avslått.

Krav til arbeidet

  • Du må vere etablert som sjølvstendig næringsdrivande i utlandet. 
  • Verksemda må som regel vere ditt eige enkeltpersonføretak. Verksemda kan ikkje vere eit aksjeselskap. 
  • Du må ha inngått ein kontrakt om å utføre eit oppdrag for eit firma i Noreg.
  • Firmaet i Noreg må ha forretningsstad her.
  • Som hovudregel skal tilbodet om oppdrag vere for eitt firma i Noreg.
  • Honoraret ditt kan ikkje vere dårlegare enn det som er normalt i Noreg
  • Kompetansen din som faglært må vere relevant for å kunne gjennomføre oppdraget.
  • Dersom du skal utføre eit oppdrag innan eit yrke der det er krav om godkjenning eller autorisasjon (eksternt nettsted), må du oppfylle dette kravet.

Rettar og plikter

  • Dersom du skal utføre andre oppdrag enn det som er omtalt i kontrakten, eller inngå kontrakt med eit nytt firma, må du søkje om eit nytt opphaldsløyve.
  • Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.
  • Du kan få løyve for to år om gongen. Du kan få dette løyvet i inntil seks år, så må du bu utanfor Noreg i to år før du kan søkje om eit nytt slikt løyve.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Dersom oppdraget ditt varer lenger enn seks månader, kan ektemaken eller sambuaren din og barna dine søkje om familieinnvandring for å bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.