Faglært arbeidssøkjar med visumfritt statsborgarskap


Krav

Rettar og plikter

  • Du kan ikkje arbeide mens du leitar etter relevant faglært jobb. Dersom du får tilbod om arbeid, kan du søkje om opphaldsløyve som faglært arbeidstakar. Du kan ikkje starte å arbeide før du har fått eit slikt opphaldsløyve.
  • Du kan få opphaldsløyve for maksimalt seks månader av gongen. Dei seks månadene tel du frå dagen du reiste inn i Noreg. Du må bu utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om nytt opphaldsløyve som arbeidssøkjar.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.