Arbeid, studiar og au pair
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Opphaldsløyve for arbeid (gjeld også for fornying) | 6 300,- |
Gruppeløyve til arbeidsgivarar (per arbeidstakar) | 6 300,- |
Studieløyve for søkjarar over 18 år (gjeld også for fornying) | 5 400,- |
Studieløyve for søkjarar under 18 år | 0,- |
Au pair-løyve (gjeld også for fornying) | 9 300,- |
Løyve for forskar med eigne midlar (gjeld også for fornying) |
5 400,- |
Gebyr viss du leverer søknaden på eit søknadssenter
Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Gebyr viss du leverer søknaden på ambassaden til eit anna land enn Noreg
Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.
Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.
Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.
Gebyrfritak for deltakarar i Fulbright-program og familiemedlemmene deira
Deltakere i Fulbright-program må betale gebyr når søknaden sendes inn elektronisk, men vil få gebyret refundert når dei møter opp på ambassaden eller hos politiet for å levere søknadsdokumenta. Det same gjeld for familiemedlemmer av deltakarane viss dei søkjer om familieinnvandringsløyve.