Gebyr
Hvor mye skal du betale i gebyr?
-
Beskyttelse (asyl) og sterke menneskelege omsyn
Type søknad Gebyr Førstegongs søknad om beskyttelse (asyl) 0,- Fornying av opphaldsløyve for beskyttelse (asyl) 0,- Personar over 18 år som søkjer om opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn 1 100,- Personar over 18 år som søkjer om fornying av opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn 1 100,- Personar over 18 år som søkjer om fornying av opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn som er avgrensa på grunn av identitet 1 100,- Fornying av opphaldsløyve for dei som ikkje har fått beskyttelse i Noreg, men har fått opphald på grunn av vern mot retur (§ 74) 0,- Arbeidsløyve etter endeleg avslag på søknad om beskyttelse (asyl) 1 100,- Arbeidsløyve for asylsøkjarar som har ein søknad om beskyttelse til behandling 0,-
-
Besøksvisum
Type søknad Gebyr Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år (ein eller fleire innreiser) EUR 90 Besøksvisum for barn mellom 6 og 12 år (ein eller fleire innreiser) EUR 45 Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år som er statsborgarar
av Aserbajdsjan (ein eller fleire innreiser)EUR 35 Besøksvisum for alle barn under 6 år (ein eller fleire innreiser) 0,- Kven må ikkje betale gebyr?
- personar som skal reise saman med eller besøkje ein nær familiemedlem (ektefelle, barn, barnebarn, forelder, besteforelder eller ein familiemedlem som forsørgjer deg) som er ein EU/EØS-borgar
- skuleelevar, studentar og medfølgjande lærar når formålet med reisa er studiar eller anna opplæring. NB! Du må likevel betale gebyr når du registrerer søknaden i Søknadsportalen, men du kan be om å få det betala attende når du møter opp på ambassaden.
- forskarar som reiser i Schengen-området for å drive vitskapleg forsking. NB! Du må likevel betale gebyr når du registrerer søknaden i Søknadsportalen, men du kan be om å få det betala attende når du møter opp på ambassaden.
- personar som framset søknader for Sysselmeisteren på Svalbard
Gebyr viss du leverer søknaden på eit søknadssenter
Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Gebyr viss du leverer søknaden på ambassaden til eit anna land enn Noreg
Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.
Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.
Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.
Søknader om forlengelse av visumet etter at du har kommet til Norge Gebyr Søknad om å forlenge visumet 30 euro Når kan jeg få tilbakebetalt gebyret?
-
Familieinnvandring
Type søknad Gebyr Førstegongs søknad om familieinnvandring for vaksne 11 900,-
Førstegongs søknad for vaksne om familiegjenforening med ein flyktning som har midlertidig opphaldsløyve 7 800,-
Søknader frå barn under 18 år 0,- Fornying familieinnvandring for vaksne
(viss du søkjer før det førre løyvet ditt har gått ut)4 400,- Fornying av familieinnvandring for vaksne
(viss du søkjer etter at det førre løyvet ditt har gått ut)11 900,- Søknad for vaksne som allereie har familieinnvandringsløyve og søkjer etter ein annan regel for familieinnvandringsløyve før det førre løyvet har gått ut
(har til dømes familieinnvandringsløyve med trulova, og har gifta seg)4 400,- Søknad for vaksne som allereie har familieinnvandringsløyve og søkjer etter ein annan regel for familieinnvandringsløyve etter at det førre løyvet har gått ut
(har til dømes familieinnvandringsløyve med trulova, og har gifta seg)11 900,- Søknad for vaksne som allereie har opphaldsløyve på eit anna rettsleg grunnlag og søkjer familieinnvandringsløyve på nytt rettsleg grunnlag
(har til dømes opphaldsløyve på grunnlag av studier, og søkjer familieinnvandringsløyve)11 900,- Forelder som skal besøkje barn i Noreg i inntil ni månader 11 900,- Personar som hadde norsk mor eller far da dei blei fødde 5 400,- Nære familiemedlemmar til ein EU/EØS-borgar, som søkjer om opphaldskort 0,- Personar som søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at ektefelle eller sambuar døydde 0,- Personar som søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at dei har blitt mishandla i samlivet 0,- Gebyr viss du leverer søknaden på eit søknadssenter
Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Gebyr viss du leverer søknaden på ambassaden til eit anna land enn Noreg
Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.
Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.
Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.
-
Arbeid, studiar og au pair
Type søknad Gebyr Opphaldsløyve for arbeid (gjeld også for fornying) 6 300,- Gruppeløyve til arbeidsgivarar (per arbeidstakar) 6 300,- Studieløyve for søkjarar over 18 år (gjeld også for fornying) 5 400,- Studieløyve for søkjarar under 18 år 0,- Au pair-løyve (gjeld også for fornying) 9 300,- Løyve for forskar med eigne midlar (gjeld også for fornying) 5 400,-
Gebyr viss du leverer søknaden på eit søknadssenter
Viss du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som tek imot søknaden på vegner av ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Viss søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Gebyr viss du leverer søknaden på ambassaden til eit anna land enn Noreg
Noreg har inngått avtalar med andre Schengenland (i hovudsak Danmark og Sverige) om at enkelte av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landa som representerer oss.
Dersom du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter framkomst til Noreg, må du få utskrive eit innreisevisum i passet ditt. Dette blir gjort som hovudregel av den norske ambassaden i det landa du oppheld deg.
Dersom du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg du må betale for at passet skal sendast til ambassaden, enten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt den aktuelle ambassaden for informasjon om korleis du skal gå fram.
Gebyrfritak for deltakarar i Fulbright-program og familiemedlemmene deira
Deltakere i Fulbright-program må betale gebyr når søknaden sendes inn elektronisk, men vil få gebyret refundert når dei møter opp på ambassaden eller hos politiet for å levere søknadsdokumenta. Det same gjeld for familiemedlemmer av deltakarane viss dei søkjer om familieinnvandringsløyve.
-
Andre typar opphaldsløyve
Type søknad Gebyr Søknader om alle typar opphaldsløyve for personar under 18 år (også fornyingar) 0,- Personar som er utsette for menneskehandel og søkjer om opphaldsløyve (refleksjonsperiode)
0,- Personar som søkjer om framleis opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag som følgje av at dei har vorte mishandla i samlivsforholdet. 0,-
-
Permanent opphaldsløyve
Type søknad Gebyr Permanent opphaldsløyve for vaksne 4 000,- Permanent opphaldsløyve for barn under 18 år 0,-
-
Utlendingspass og reisebevis
Type søknad Gebyr Personar som har løyve på grunnlag av søknad om vern
(første gong du får reisebevis)0,- Personar som har reisebevis for flyktningar utskrive av eit anna land og som søkjer om reisebevis (for første gong i Noreg) og overføring av flyktningstatus 0,- Personar som skal returnere med IOM og ikkje kan skaffe pass frå heimlandet 0,- Personar over 18 år som har løyve på anna grunnlag
enn søknad om beskyttelse (førstegongssøknad)2 200,- Personar under 18 år som har løyve på anna grunnlag
enn søknad om beskyttelse (førstegongssøknad)1 200,- Personar over 18 år som tidlegare har fått avslag på søknad om utlendingspass 2 200,- Personar under 18 år som tidlegare har fått avslag på søknad om utlendingspass 1 200,- Nytt reisedokument til personar over 18 år som har mista
eller fått øydelagt tidlegare utskrive reisebevis eller utlendingspass2 200,- Nytt reisedokument for personar under 18 år som har mista
eller fått øydelagt tidlegare utskrive reisebevis eller utlendingspass1 200,- Utlendingspass for enkeltreise 2 200,- Utlendingspass for enkeltreise for personar under 18 år 1 200,- Fornying for personar som er 16 år og eldre (må betalast av alle) 2 200,- Fornying for personar under 16 år (må betalast av alle) 450,-
Personar over 16 år som søkjer om nytt reisedokument etter namneendring
2 200,- Personar under 16 år som søkjer om nytt reisedokument etter namneendring
450,-
-
Statsborgarskap
Type søknad Gebyr Søknad om norsk statsborgarskap for vaksne 6 500,- Melding om å få tilbake norsk statsborgarskap for vaksne (ny ordning frå 2020) 3 200,- Søknad om norsk statsborgarskap for barn under 18 år 0,- Melding av norsk statsborgarskap for barn under 18 år
0,- Melding av norsk statsborgarskap for nordiske statsborgarar
2 700,- Søkje om å bli løyst frå norsk statsborgarskap 0,- Søkje om å behalde norsk statsborgarskap
0,-
-
Bestille nytt opphaldskort
Type bestilling Gebyr Viss det gamle kortet ditt har gått ut 300,- Viss du har mista kortet ditt, eller det har vorte stole eller øydelagt 300,- Viss du skal endre namnet ditt, eller annan informasjon, på kortet 300,- Viss du tidlegare hadde etikett i passet ditt, og no skal ha ditt første kort 300,- Viss du har permanent opphaldsløyve og det gamle kortet ditt framleis er gyldig 0,- Viss du har varig opphaldsrett og det gamle kortet ditt framleis er gyldig 0,- Viss du fekk tilsendt eit kort som var øydelagt eller innehalde feil 0,- NB! Når du møter opp hos politiet for å ta bilde til nytt kort må du alltid levere det gamle kortet, viss ikkje må du betale eit gebyr på 300 kr.
-
Klagar på alle typar vedtak
Ingen treng å betale gebyr for å klage på eit vedtak.
-
EU/EØS-borgare
Som EU/EØS-borgar eller nær familiemedlem til EU/EØS-borgarar skal du ikkje betale gebyr når du flyttar til Noreg.
Det er gratis å bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar. Det er gratis å søkje om opphaldskort som familiemedlem av EU/EØS-borgar, og det er gratis å søkje om varig opphaldsrett i Noreg viss du har vore her i minst fem år.
Korleis betaler du gebyret?
- Du kan berre bruke Visa-kort eller Mastercard når du betaler for søknaden din. Viss du betaler med eit debetkort, pass på at du har nok pengar på kontoen, og at kortet er godkjent for betaling på nett av banken din. Viss søknadsløysinga vår ikkje godtek kortet ditt, kan du prøve med eit anna bankkort eller du kan kontakte banken din/kortutferdaren og spørje om kortet kan brukast til å gjennomføre internasjonale betalingar på nett.
- Viss du registrerer søknaden din elektronisk på udi.no, betaler du gebyret med Visa-kort eller Mastercard samtidig som du registrerer søknaden.
- Viss du ikkje kan søkje elektronisk, må du betale gebyret seinast samtidig som du leverer søknaden. Viss du betaler på førehand, må du levere inn den originale kvitteringa saman med søknaden.
Tilbakebetaling av gebyr
Søknader og meldingar som er leverte ved oppmøte hos politiet eller utanriksstasjon
Viss du har fylt ut feil søknadsskjema, må du registrere ein ny søknad.
For å få refundert søknadsgebyret for den første søknaden, må du kontakte ambassaden eller politiet der du søkte først.
Viss du ønskjer å trekkje ein søknad før du har møtt opp for å levere søknadsdokumenta, må du kontakte ambassaden eller politistasjonen du valde i søknadsskjemaet og be om å få refundert gebyret. Det er berre mogleg å få refundert gebyret for ein søknad som du ikkje har levert ved personleg oppmøte.
Enkel fornying av opphaldsløyve (studieløyve og familieinnvandringsløyve) levert digitalt
Viss du har søkt enkel fornying av opphaldsløyve (studieløyve eller familieinnvandringsløyve) med eID og har betalt gebyret, lasta opp dokumenta og sendt inn saka, vil du ikkje ha moglegheit til å få pengane tilbakebetalt.
Melding om norsk statsborgarskap som er levert digitalt og utan oppmøte hos politiet
Viss du ønskjer å trekkje meldinga etter du har betalt gebyr, men før du har lasta opp nødvendig dokumentasjon, kan UDI refundere meldingsgebyret.
For at vi skal kunne refundere meldingsgebyret, må du logge deg inn på Mine søknader med ID-porten (eksternt nettsted), og så finne meldinga under «Innsendte søknader». Vel «Gå til søknad», og du kjem då til sida «Send inn dokument til UDI». I staden for å laste opp politiattest, må du fylle ut og laste opp skjema for refusjon av gebyr etter melding om statsborgarskap for nordiske borgarar. Skjemaet er tilgjengeleg på bokmål (pdf, 171 kB) og nynorsk (pdf, 170 kB).
Følg trinna som er beskrivne på sida. Når du har lasta opp det ferdig utfylte skjemaet, vel du «Send inn desse dokumenta».
Etter du har sendt inn dokumentet vil du få ein e-post med stadfesting på at dokumenta er mottekne. Du vil også få ein e-post med stadfesting på at UDI har fått melding om norsk statsborgarskap. Ein saksbehandlar i UDI vil vurdere om gebyret skal refunderast og legg bort eventuelt saka. Viss vi har behov for meir informasjon tek vi kontakt med deg. Du vil få skriftleg svar på om gebyret blir refundert.
Slik blir gebyra bestemde
Søknadsgebyret for ein type søknad reflekterer kva det i gjennomsnitt kostar utanriksstasjonar, politiet og UDI å behandle denne typen søknad. Når gebyret blir berekna, blir inkluderte både kostnader som er direkte knytt til saksbehandlinga og ein del av dei indirekte kostnadene (for eksempel leiing, drift og IKT-forvaltning) der dette er relevant.
Når norske styresmakter går gjennom og oppdaterer kostnader knytt til dei ulike sakstypane, for å bestemme gebyra, tek vi utgangspunkt i forsiktige estimat, slik at ikkje søkjarane må dekkje unødvendige kostnader.