Kva er eit registreringsbevis for EU/EØS-borgar?


Eit registreringsbevis er eit dokument frå politiet som stadfestar at ein EU/EØS-borgar har registrert seg for å bu i Noreg i meir enn tre månader.

Registreringsbeviset kan ikkje stadfeste at EU/EØS-borgaren har opphaldsrett i Noreg etter tidspunktet for sjølve registreringa.

Ein EU/EØS-borgar skal som hovudregel berre registrere seg éin gong, same kor lenge han eller ho skal bu i Noreg. EU/EØS-borgaren kan også byte opphaldsgrunnlag under opphaldet i Noreg, for eksempel byte frå å vere student til å vere arbeidstakar, utan å registrere seg på nytt.

Viss ein EU/EØS-borgar treng å dokumentere at han eller ho har opphaldsrett, gjer personen det ved å vise fram for eksempel arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande, til dei som ber om informasjon om opphaldsretten.

Viss ein EU/EØS-borgar er i Noreg i meir enn tre månader utan å registrere seg, kan han eller ho få ei bot.