Arbeidsgivarar: Tilsetje ein person som ikkje er EU/EØS-borgar
Dersom du skal tilsetje nokon som er borgar av eit land utanfor EU/EØS-området, må du sjekke at arbeidstakaren har gyldig opphaldsløyve.
Desse landa er med i EU/EØS-området.
Tilsetje ein person som ønskjer å flytte til Noreg
- Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Du kan lese meir om ulike typar opphaldsløyve for arbeid.
- For at arbeidstakaren skal kunne søkje om eit opphaldsløyve for arbeid, må du gi han eller henne eit konkret arbeidstilbod. Dette gjer du vanlegvis ved å fylle ut UDI sitt arbeidstilboksskjema. Vel om du vil ha arbeidstilbodsskjema på bokmål (pdf, 2,3 MB) eller arbeidstilbodsskjema på nynorsk (pdf, 1,4 MB).
- Ved mellom anna søknader om opphaldsløyve for faglærte og sesongarbeidarar kan arbeidsgivaren søkje på vegner av arbeidstakaren. Du må da ha ei skriftleg fullmakt frå arbeidstakaren. Du kan lese meir om dette på sidene for dei ulike opphaldsløyva.
- Ved mellom anna søknader om opphaldsløyve for faglærte kan arbeidsgivaren også søkje på vegner av arbeidstakaren sin ektefelle/sambuar og barn. Du må da ha ei skriftleg fullmakt frå familiemedlemmene. Dersom du leverer søknadene for arbeidstakaren og familiemedlemmene samtidig, vil dei også få svar på søknadene samtidig.
- Du finn ei oversikt over saksbehandlingstidene her.
- Arbeidstakaren kan ikkje begynne å jobbe før han eller ho har fått eit opphaldsløyve. I nokre tilfelle kan arbeidstakaren likevel begynne å jobbe før søknaden er behandla, dersom de har fått ei stadfesting frå politiet om "tidleg arbeidsstart".
- Dersom arbeidstakaren får opphaldsløyve, vil det ha ein utløpsdato. Dei fleste opphaldsløyva kan fornyast. Arbeidstakaren må søkje om fornying seinast ein månad før løyvet går ut, for å behalde alle rettane sine. Vi rår til at arbeidstakaren søkjer 2–3 månader før løyvet går ut.
Tilsetje ein person som allereie bur i Noreg
- Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Utanlandske statsborgarar kan få opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av for eksempel arbeidsinnvandring, beskyttelse (asyl) og familieinnvandring.
- Som arbeidsgivar må du sjekke at utanlandske tilsette har gyldig opphaldsløyve.
- Du sjekkar om arbeidstakaren har opphaldsløyve, ved å be han eller henne vise fram opphaldskortet sitt. På opphaldskortet står det kva slags opphaldsløyve arbeidstakaren har.
- Familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar kan bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar. Nokre personar som ikkje sjølv er EU/EØS-borgarar, kan derfor ha opphaldsrett etter EU/EØS-regelverket som gir dei rett til å bu og arbeide i Noreg. Du sjekkar dette ved å be personen vise fram opphaldskortet sitt for å sjå at det står «opphaldsrett» på kortet. Du må òg sjekke at opphaldskortet er gyldig - sjå under "gyldig til"-dato på kortet.
- Nokre typar opphaldsløyve gir personen rett til å arbeide i kva type jobb som helst. Det kan for eksempel vere eit opphaldsløyve for familieinnvandring eller permanent opphaldsløyve.
- Dei som har kome til Noreg som arbeidsinnvandrarar og har opphaldsløyve som faglært arbeidstakar med arbeidgivar i Noreg, kan bytte arbeidsgivar utan å søkje om nytt arbeidsløyve. Dei må likevel arbeide i same type stilling som tidlegare. Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg, og dei må framleis fylle dei andre krava som gjeld for opphaldsløyve som faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg.
- Andre personar som har kome til Noreg som arbeidsinnvandrarar, har ofte eit opphaldsløyve som spesifiserer at dei må jobbe i éi bestemt stilling for éin bestemt arbeidsgivar. Dette vil i så fall stå på opphaldskortet (til dømes «sesongarbeidar ved Stordriften gard»). Dersom personen du ynskjer å tilsetje har eit slikt opphaldsløyve, må han eller ho få eit nytt opphaldsløyve før dei kan begynne å jobbe for deg.
- Nokre asylsøkjarar som ventar på svar på søknaden sin, får lov til å arbeide. Dei vil i så fall ha eit brev som viser dette.
- Du kan også kontakte UDIs rettleiingsteneste for å sjekke om personen har riktig type opphaldsløyve.
- Arbeidsgivarar som nyttar seg av utanlandske arbeidstakarar som ikkje har riktig type opphaldsløyve, kan få bøter eller fengselsstraff.
Kontakt og spørsmål
- Arbeidsgivarar kan kontakte UDIs rettleiingsteneste via kontaktskjema eller telefon for å få svar på spørsmål om regelverk for utanlandske tilsette og familiemedlemmane deira.
- I Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Kirkenes er det eigne Servicesenter for utanlandske arbeidstakararar, SUA (eksternt nettsted).