Arbeidsgivarar: Tilsetje ein person som ikkje er EU/EØS-borgar
Dersom du skal tilsetje nokon som er borgar av eit land utanfor EU/EØS-området, må du sjekke at arbeidstakaren har gyldig opphaldsløyve.
Desse landa er med i EU/EØS-området.
-
Tilsetje ein person som ønskjer å flytte til Noreg
- Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Du kan lese meir om ulike typar opphaldsløyve for arbeid.
- For at arbeidstakaren skal kunne søkje om eit opphaldsløyve for arbeid, må du gi han eller henne eit konkret arbeidstilbod. Dette gjer du vanlegvis ved å fylle ut UDI sitt arbeidstilboksskjema. Vel om du vil ha arbeidstilbodsskjema på bokmål (pdf, 2,3 MB) eller arbeidstilbodsskjema på nynorsk (pdf, 1,4 MB).
- Ved mellom anna søknader om opphaldsløyve for faglærte og sesongarbeidarar kan arbeidsgivaren søkje på vegner av arbeidstakaren. Du må da ha ei skriftleg fullmakt frå arbeidstakaren. Du kan lese meir om dette på sidene for dei ulike opphaldsløyva.
- Ved mellom anna søknader om opphaldsløyve for faglærte kan arbeidsgivaren også søkje på vegner av arbeidstakaren sin ektefelle/sambuar og barn. Du må da ha ei skriftleg fullmakt frå familiemedlemmene. Dersom du leverer søknadene for arbeidstakaren og familiemedlemmene samtidig, vil dei også få svar på søknadene samtidig.
- Du finn ei oversikt over ventetidene her. For søknader om oppholdsløyve som faglært gjeld følgjande: På grunn av at vi har mottatt eit stort antall søknader, samt at det er utfordringar med kontroll av utdanningsdokument i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, kan det ta lenger tid å behandle slike søknader. Dette omfattar for eksempel søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør.
- Arbeidstakaren kan ikkje begynne å jobbe før han eller ho har fått eit opphaldsløyve. I nokre tilfelle kan arbeidstakaren likevel begynne å jobbe før søknaden er behandla, dersom de har fått ei stadfesting frå politiet om "tidleg arbeidsstart".
- Dersom arbeidstakaren får opphaldsløyve, vil det ha ein utløpsdato. Dei fleste opphaldsløyva kan fornyast. Arbeidstakaren må søkje om fornying seinast ein månad før løyvet går ut, for å behalde alle rettane sine. Vi tilrår at arbeidstakaren søkjer 2–3 månader før løyvet går ut.
-
Tilsetje ein person som allereie bur i Noreg
- Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Utanlandske statsborgarar kan få opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av for eksempel arbeidsinnvandring, beskyttelse (asyl) og familieinnvandring.
- Som arbeidsgivar må du sjekke at utanlandske tilsette har gyldig opphaldsløyve.
- Du sjekkar om arbeidstakaren har opphaldsløyve, ved å be han eller henne vise fram opphaldskortet sitt. På opphaldskortet står det kva slags opphaldsløyve arbeidstakaren har.
- Familiemedlemmer av EU/EØS-borgarar kan bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar. Nokre personar som ikkje sjølv er EU/EØS-borgarar, kan derfor ha opphaldsrett etter EU/EØS-regelverket som gir dei rett til å bu og arbeide i Noreg. Du sjekkar dette ved å be personen vise fram opphaldskortet sitt for å sjå at det står «opphaldsrett» på kortet. Du må òg sjekke at opphaldskortet er gyldig – sjå under "gyldig til"-dato på kortet.
Kontakt og spørsmål
- Arbeidsgivarar kan kontakte UDIs rettleiingsteneste via kontaktskjema eller telefon for å få svar på spørsmål om regelverk for utanlandske tilsette og familiemedlemmane deira.
- I Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Kirkenes er det eigne Servicesenter for utanlandske arbeidstakararar, SUA (eksternt nettsted).