Er du ektefelle til, sambuar med eller barn av ein person som har fått vern i Noreg, kan du få familiegjenforening i Noreg utan at vi stiller krav til inntekta til denne personen. Dette gjeld likvel berre dersom du søkjer innan fristane.
Hugs at søknaden først er levert når du møter opp og leverer inn dokumenta.
Dersom du ikkje søkjer innan desse fristane, må familiemedlemmen din i Noreg ha god og stabil inntekt for at søknaden din skal kunne godkjennast.
Dersom personen som bur i Noreg fekk vern før 1. august 2017 er det eigne reglar.