Tilsett i humanitær, ideell eller religiøs organisasjon

Du som skal arbeide i Noreg maksimalt 14 dagar og er tilsett i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid

Nokre tilsette i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid treng ikkje opphaldsløyve for kort tids arbeid i Noreg. Undersøk om du treng opphaldsløyve.


Krav til arbeidstakaren

Krav til arbeidsforholdet

  • Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for ein etablert organisasjon.
  • Organisasjonen må ha som formål å drive ideell, humanitær eller religiøs verksemd. Det betyr at organisasjonen må ha som hovudformål å hjelpe menneske eller utføre anna ideelt arbeid. Organisasjonen kan gå med overskot, men kan ikkje ha som hovudformål å tene pengar.
  • Du må utføre ideelt, humanitært eller religiøst arbeid for organisasjonen.
  • Du må komme til Noreg som ein del av eit internasjonalt utvekslingsprogram eller fordi organisasjonen treng utanlandsk arbeidskraft.
  • Du kan ikkje jobbe som religiøs leiar/lærar, da må du søkje om opphaldsøyve for religiøs leiar/lærar.
  • Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg for yrket ditt der du skal jobbe i Noreg. UDI kan godta at du får låg eller inga lønn dersom dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
  • Lønna du får, må vere nok til at du klarer deg i Noreg, og du må ha ein stad å bu. Dersom du får lita eller inga lønn, må organisasjonen du skal arbeide for, dekke utgiftene dine til kost, losji og heimreise. 

Rettar og plikter

  • Dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar, må du søkje om nytt løyve.
  • Du kan få løyve for eitt år om gongen, maksimalt fire år til saman.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.