Eit d-nummer er eit mellombels ID-nummer, som du får frå Skatteetaten i dei tilfella der du treng eit ID-nummer i Noreg, men ikkje skal ha eit fødselsnummer. Her finn du informasjon om d-nummer.
Eit fødselsnummer er eit ID-nummer for deg som har opphaldsrett eller opphaldsløyve og skal bu i Noreg i meir enn seks månader. Her finn du informasjon om fødselsnummer.
Viss du har søkt om vern (asyl) eller om opphaldsløyve i Noreg, får du eit DUF-nummer. Dette er registreringsnummeret ditt i utlendingsforvaltningas datasystem og er ikkje eit ID-nummer.