918 færre asylsøkere i 2020


Covid-19-pandemien fekk mykje å seie for både talet på asylsøkjarar og talet på bebuarar i UDIs mottak i 2020.

Publisert: 07.01.2021

Det kom 1 386 asylsøkjare til Noreg i 2020. Dette er ein nedgang på nesten 40 prosent frå 2019, då det kom 2 305.

– Det er klart innkomstane i fjor blei kraftig påverka av dei mange reiserestriksjonane over heile verda, på grunn av den pågåande covid-19-pandemien. Hele Europa opplevde ein kraftig nedgang i fjor. Men dette kan fort endrast når pandemisituasjonen er over, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Syria øvst på lista

I 2020 kom det flest asylsøkjarar frå Syria (536), Eritrea (163) og Tyrkia (83). Det var også desse tre landa det kom flest frå i 2019, men nedgang i talet på asylsøkjarar frå Tyrkia gjer at landet har bytt plass på lista med Eritrea.

Desse tre landa er øvst på ei liste av i alt 81 land som det kom asylsøkjarar frå i 2020. Det kom færre enn ti asylsøkjarar frå tre firedelar av desse landa (60 land).

Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar fell frå 135 personar i 2019 til 89 i 2020.

76 prosent av asylsøknadene som blei behandla av UDI i 2020, blei innvilga. Då er ikkje Dublin-saker og liknande medrekna. I tillegg er det saker som blir trekt av søkjaren eller lagt bort av UDI, for eksempel fordi søkjaren har forlate landet, som er halde utanfor. Prosenten for innvilga asylsaker blir på 62 når alle saker er tekne med.

Eit nytt mottakssystem

I 2020 fall talet på bebuarar i UDIs mottak til under 2 000, for første gong siden 1997. Ved utgangen av 2020 budde det 1 757 personar i mottaka, ein nedgang frå 2 532 ved starten av året.

UDI innførte i 2020 eit nytt mottakssystem med mottak som har langvarige driftskontraktar, såkalla basismottak, og vil også etablere mottak med meir kortvarige kontraktar som skal handtere det varierande behovet for mottakskapasitet.

Ni basismottak er så langt oppretta. Sju hadde oppstart i 2020, mens dei to siste startar opp på nyåret. Etter at seks gamle kontraktar gjekk ut i 2020, har UDI 19 mottak ved årsskiftet. Det inkluderer transittmottak og Nasjonalt ankomstsenter.

UDI vil utover året halde fram omlegginga av mottakssystemet. Det er fem mottak som har kontraktar som går ut i 2021. Noko av denne kapasiteten vil bli erstatta av nye kontraktar, avhengig av kor mange asylsøkjarar som kjem.

Lenker

Fant du det du lette etter?