Eg er separert / skal skiljast frå ektefellen min som er EØS-borgar. Kva skal eg gjere no?
Dersom de berre er separerte, har du framleis rettar gjennom ektefellen din, så lenge vedkommande jobbar i Noreg eller på andre måtar utøver rettar her.
Dersom de er formelt skilt, tilrår vi at du søkjer om nytt opphaldskort, slik at politiet/UDI kan vurdere om du har rett til opphald på sjølvstendig grunnlag.