Ofte stilte spørsmål
Opphald i Noreg
-
Kven er omfatta av EU/EØS-regelverket?
Alle EU/EØS-borgarar og familiemedlemmene deira er omfatta av EØS-regelverket.
Dette gjeld både når familiemedlemmen er statsborgar av eit EU/EØS-land og når familiemedlemmen er borgar av eit land utanfor EU/EØS.
"Familiemedlemmer" kan vere:
- Ektefellar eller registrerte partnarar
- Sambuarar
- Trulova
- Barn og barnebarn under 21 år
- Barn og barnebarn over 21 år
- Barn fødd i Noreg
- Fosterbarn under 18 år
- Barn under 18 år som har søsken i Noreg
- Foreldre og besteforeldre som skal flytte til barn eller barnebarn i Noreg
- Familiemedlemmer som treng pleie og omsorg
-
Har eg lovleg opphald i Noreg?
Som EU/EØS-borgar har du lov til å vere i Noreg i inntil tre månader etter innreise. Dette gjeld for eksempel ved besøk og feriar.
For å kunne opphalde deg i Noreg i meir enn tre månader må du vere arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller ha eigne midlar til å forsørgje deg sjølv. Du har lovleg opphald så lenge du kan dokumentere at du fyller eitt av desse krava. Dette blir kalla å utøve opphaldsrett.
Som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar har du ein avleidd opphaldsrett i Noreg. Det betyr at du har lovleg opphald i Noreg viss EU/EØS-borgaren fyller eitt av krava nemnt over, og familierelasjonen består.
Etter fem år med samanhengande lovleg opphald i Noreg kan du og familien din ha rett på varig opphald.
Lovleg opphald avheng av om EU/EØS-borgaren utøver opphaldsrett. Det betyr at lovleg opphald er avhengig av at EU/EØS-borgaren faktisk arbeider, er sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller student, eller har eigne midlar til å forsørgje seg.
Du er sjølv ansvarleg for at du fyller vilkåra for lovleg opphald til kvar tid.
-
Skal ein EU/EØS-borgar søkje om opphaldsløyve for å bu og arbeide i Noreg?
Ein EU/EØS-borgar har rett til å opphalde seg i Noreg viss personen er arbeidstager, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller har eigne midlar å forsørgje seg sjølv – og dessutan har helseforsikring og gyldig identitetskort eller pass.
Ein EU/EØS-borgar treng ikkje opphaldsløyve for å arbeide i Noreg. -
Eg har vore på besøk i Noreg i tre månader. Kan eg søkje om å få vere her lengre?
Nei, det er ikkje mogleg for ein EU/EØS-borgar å søkje om å få vere i Noreg lenger enn tre månader som besøkjande eller turist. Etter tre månader må du reise frå Noreg.
Når du har reist ut av Noreg, kan du likevel reise inn igjen til Noreg omgåande og byrje på eit nytt tre månaders opphald som besøkjande eller turist. Det er ikkje noko krav til kor lenge du må vere utanfor Noreg før du reiser inn igjen.
Når du er i Noreg som besøkjande eller turist, er du sjølv ansvarleg for alle utgiftene dine under opphaldet i her.
Viss du ønskjer å vere i Noreg i meir enn tre månader, må du utøve EU/EØS-rettar som arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, ha eigne midlar til å forsørgje deg sjølv eller vere arbeidssøkjande. Då må du også registrere deg etter EU/EØS-regelverket.
Viss du som EU/EØS-borgar har vore i Noreg i meir enn tre månader og ikkje utøvar EU/EØS-rettar, kan politiet sende deg ut med tvang.
-
Korleis kan eg dokumentere at eg har lovleg opphald?
Viss du meiner du har lovleg opphald, må du sjølv kunne dokumentere at du, eller EU/EØS-borgaren faktisk arbeider, er sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller ha eigne midlar til å forsørgje deg sjølv.
Viss nokon ber deg om å dokumentere at du har lovleg opphald, kan du dokumentere dette ved å vise fram arbeidskontraktar, oppdragskontraktar, lønnsslippar, studiesertifikat eller liknande.
Som familiemedlem må du i tillegg leggje fram dokumentasjon på familierelasjonen, for eksempel vigselsattest.
UDI kan ikkje bekrefte lovleg opphald
UDI kan ikkje bekrefte at EU/EØS borgaren faktisk arbeider, er sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller student, eller har eigne midlar. UDI kan derfor ikkje bekrefte lovleg opphald.
Eit registreringsbevis eller eit gyldig opphaldskort kan ikkje brukes til å bekrefte lovleg opphald.
-
Eg er norsk statsborgar. Er eg omfatta av EØS-reglane?
Viss du er norsk, blir du og familien din omfatta av EØS-regelverket viss
- dokker har budd fast saman i eit anna EU/EØS-land enn Noreg, og
- du har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkeleg midlar eller vore student der, og
- dokker no flyttar til Noreg saman eller gjenforeinast her
-
Kan eg miste lovleg opphald?
Ja, ein EU/EØS-borgar eller familiemedlemmene deira kan miste det lovlege opphaldet sitt. Det kan for eksempel skje viss EU/EØS-borgaren ikkje lenger er i arbeid, eller viss familierelasjonen har endra seg. Du finn nokre eksempel på ulike situasjonar under.
Du er EU/EØS-borgar og mistar jobben ufrivillig
Viss du er EU/EØS-borgar og mistar jobben ufrivillig, for eksempel fordi du har blitt sagt opp eller ved konkurs, gjeld følgjande:
- Har jobba i Noreg i over eitt år: Du har framleis lovleg opphald, så lenge du registrerer deg hos NAV som arbeidssøkjande.
- Har jobba i Noreg i under eitt år: Du har framleis lovleg opphald i seks månader, så lenge du registrerer deg hos NAV som arbeidssøkjande.
Du er EU/EØS-borgar og seier opp jobben
Viss du sjølv seier opp jobben, mistar du lovleg opphald som arbeidstakar.
Du er her som familiemedlem, men har blitt separert
Frem til skilsmissa
Viss du har vore gift med ein EU/EØS-borgar, men er no separerte, så har du framleis lovleg opphald fram til skilsmissa, så lenge EU/EØS-borgaren framleis bur og har opphaldsrett i Noreg. Du treng ikkje å søkje om nytt løyve i perioden fram til skilsmissa.
Etter skilsmissa
Etter skilsmissa kan du ha rett til sjølvstendig opphald.
Du er EU/EØS-borgar
Etter skilsmissa har du rett til opphald viss du utøver opphaldsrett som ein EU/EØS-borgar.
Det betyr at du må arbeide, vere sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, eller ha eigne midlar til å forsørgje deg sjølv.
Du er borgar utanfor EU/EØS
Etter skilsmissa har du rett til opphald viss du, på tidspunktet for skilsmissa:
- Arbeidar, er sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller har eigne midlar til å forsørgje deg sjølv.
- Har vore gift i minst tre år på tidspunktet du ble separert. Eitt av desse åra må ha vore i Noreg.
Det er viktig at du fyller begge desse krava på tidspunktet for skilsmissa, og at du held fram med å fylle krava etter skilsmissa, elles mistar du lovleg opphald.
Du har ikkje rett til opphald i Noreg som student etter skilsmissa, med mindre du fyller krava over.
Du er her som familiemedlem, men EU/EØS-borgaren har flytta frå Noreg
Som hovudregel mistar du lovleg opphald, med mindre du oppfylte vilkåra for opphald på sjølvstendig grunnlag før EU/EØS-borgaren flytta.
Viss du har foreldreansvar for barn i Noreg, kan du og barnet ha rett til sjølvstendig opphald så lenge barnet går på skule her.
Registreringsordninga
-
Kva er registreringsordninga for EU/EØS-borgarar?
EU/EØS-borgarar må registrere seg når dei skal vere i Noreg i over tre månader. EU/EØS-borgarar må ha eit opphaldsgrunnlag i Noreg, altså vere anten arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller ha eigne midlar til å forsørgje seg sjølv.
Familiemedlemmer til ein EU/EØS-borgar som er EU/EØS-borgarar sjølv, må bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar og registrere seg som familiemedlemmer.
Familiemedlemmer til ein EU/EØS-borgar som er frå land utanfor EU/EØS-området, må søkje om opphaldskort viss dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader.
-
Kva er eit registreringsbevis?
Eit registreringsbevis er eit dokument som stadfestar at politiet har registrert deg som EU/EØS-borgar som bur i Noreg.
Norske styresmakter krev at du skal registrere deg når du er ein EU/EØS-borgar som bur i Noreg. Formålet med registreringa er at norske styresmakter skal ha oversyn over kor mange EU/EØS-borgarar som bur i Noreg.
Registreringsbeviset er ikkje eit dokument som stadfestar at du har opphaldsrett i Noreg. Viss du treng å dokumentere at du har opphaldsrett, gjer du det ved å vise fram for eksempel arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande til dei som ber deg om å dokumentere opphaldsretten din.
-
Kan eg få ein kopi av registreringsbeviset mitt?
Dersom du har mista registreringsbeviset ditt og treng ein kopi, må du kontakte det lokale politidistriktet ditt eller eit SUA-kontor.
Ver oppmerksam på at registreringsbeviset ditt ikkje kan brukast for å stadfeste at du har opphaldsrett i Noreg. Viss du treng å dokumentere at du har opphaldsrett, gjer du det ved å vise fram for eksempel arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande til dei som ber deg om å dokumentere opphaldsretten din.
Arbeid i Noreg
-
Kan ein EU/EØS-borgar komme til Noreg og søkje om arbeid her?
Ein EU/EØS-borgar kan opphalde seg i Noreg i seks månader for å søkje arbeid. EU/EØS-borgaren må melde seg som arbeidssøkjar hos politiet seinast tre månader etter framkomst til Noreg.
-
Eg har lovleg opphald i eit anna EU/EØS-land. Kan eg flytte til Noreg og jobbe?
Opphaldsløyve i eit anna EU/EØS-land gir ikkje rett til å arbeide i Noreg. Personar som ikkje har pass frå eit EU/EØS-land, må søkje om eit arbeidsløyve for å kunne jobbe i Noreg.
-
Eg er EU/EØS-borgar og er permittert frå jobben min. Vil det få nokon konsekvensar for opphaldet mitt i Noreg?
Har du vore i lønt arbeid i meir enn eitt år?
Då gjeld følgjande for deg:
Du bevarer statusen din som arbeidstager dersom du kan dokumentere at du er permittert og har meldt deg som arbeidssøkjande hos NAV.Har du vore i lønt arbeid i mindre enn eitt år?
Då gjeld følgjande for deg:
Du bevarer statusen din som arbeidstager i 6 månader dersom du kan dokumentere at du er permittert og har meldt deg som arbeidssøkjande hos NAV.
Rettar i Noreg
-
Korleis får ein EU/EØS-borgar eit D-nummer eller eit fødselsnummer?
Statsborgarar av eit EU/EØS-land må sjølv kontakte Skatteetaten for å få tildelt eit D-nummer eller fødselsnummer.
Statsborgarar av eit EU/EØS-land får fødselsnummer frå Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg etter at dei har registrert seg. Du må melde flytting til Skatteetaten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)
Eit fødselsnummer er eit permanent identitetsnummer (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)
Viss ein EU/EØS-borgar vil byrje å arbeide før han/ho har registrert seg, må han/ho søkje om skattekort hos Skatteetaten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu).
Skatteetaten kan då gi deg eit D-nummer (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) som er eit mellombels identitetsnummer.
-
Korleis endrar eg folkeregistrerte opplysningar?
Her finn du rett framgangsmåte: Endring av personopplysningar i folkeregisteret.
-
Eg er EU/EØS-borgar og bur i Noreg. Kva rettar har eg når det gjeld helse?
UDI kan dessverre ikkje svare på spørsmål om rettane dine i Noreg. Informasjon om helserettar finn du på Helsenorge sine nettsider (eksternt nettsted).
Familiemedlem av ein EU/EØS-borgar
-
Har eg lov til å jobbe mens eg ventar på opphaldskortet mitt?
Dette avheng av om du fyller krava for søknaden. Du kan lese meir om krava her.
Viss du fyller alle krava, kan du arbeide mens du ventar på at politiet/UDI behandlar søknaden din. Du må sjølv sjekke at du fyller krava til å få opphaldskort i Noreg. Viss du ikkje fyller krava, men likevel arbeider, kan du bli utvist frå Noreg.
-
Arbeidskontrakten til EØS-borgaren (referansepersonen) startar opp om nokre veker. Har eg (som er frå eit land utanfor EU/EØS) lov til å jobbe fram til då?
Nei, som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar har du berre lov til å jobbe når EØS-borgaren sjølv har begynt å arbeide.
-
Kan eg reise når eg ikkje har gyldig opphaldskort?
Viss du er familiemedlem av ein EU/EØS-borgar og har ein søknad om opphaldskort/varig opphaldskort til behandling, bør du ikkje reise ut av Noreg før du har eit gyldig opphaldskort.
Viss du vel å reise frå Noreg utan at du har eit gyldig opphaldskort, kan du få problem ved innreise og mellomlanding i andre land. Du må også vere førebudd på forvente å bruke lang tid i grensekontrollen i Noreg, når du kjem tilbake. UDI kan ikkje svare på spørsmål om korleis grensekontrollen blir praktisert i Noreg eller i andre land. Vi kan heller ikkje skrive stadfestingar som kan brukast for å reise, og som flyselskap eller andre lands styresmakter med tryggleik vil godta. Alle reiser utan opphaldskort vil vere på eigen risiko.
Viss du er frå eit visumpliktig land og ikkje har gyldig opphaldskort i Noreg, må du ha besøksvisum (Schengenvisum) for å returnere til Noreg. Når du søkjer om besøksvisum må du levere inn dokumentasjon på familieforholdet ditt til EU/EØS-borgaren og dokumentasjon på at han eller ho er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, har tilstrekkeleg midlar eller er student i Noreg. Du har i utgangspunktet krav på visum, rett på prioritert saksbehandling av visumsøknaden og du treng ikkje betale gebyr. Du må sjølv sjekke ventetider for visum ved den aktuelle utanriksstasjonen på nettsidene deira. Her finn du meir informasjon om besøksvisum.
-
Korleis får familiemedlemmer av EØS-borgarar D-nummer eller fødselsnummer?
Viss du er familiemedlem av ein borgar frå eit EU/EØS-land, må du sjølv kontakte Skatteetaten for å få eit D-nummer eller fødselsnummer.
Du får fødselsnummer frå Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg (eksternt nettsted) etter at du har registrert deg eller fått innvilga oppholdskort som familiemedlem av ein EU/EØS-borger.
Eit D-nummer (eksternt nettsted) er eit mellombels identitetsnummer. Eit fødselsnummer (eksternt nettsted) er eit permanent identitetsnummer.
Viss du vil begynne å jobbe før du har blitt registrert som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar, eller har fått innvilga opphaldskort som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar, må du søkje om eit skattekort hos Skatteetaten (eksternt nettsted). For å kunne begynne å jobbe må du dokumentere at familiemedlemmen din har opphaldsrett i Noreg. Det å ha opphaldsrett betyr at EU/EØS-borgaren anten er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student, har eigne midlar, eller er tilsett i eit utanlandsk firma. Dersom han/ho er student eller er her på eigne midlar, må han/ho ha forsikring.
-
Opphaldskortet mitt går snart ut og referansepersonen har blitt norsk. Kva løyve kan eg søkje om?
Dersom du har budd i Noreg i 5 samanhengande år, kan det vere du fyller vilkåra for varig opphaldsrett. Då kan du søkje om varig opphaldskort. Dette gjeld sjølv om referansen har blitt norsk statsborgar i mellomtida.
Dersom du ikkje fyller vilkåra for varig opphaldsrett og referansepersonen har blitt norsk, må du søkje om nytt opphaldsløyve etter det norske regelverket.
-
Eg er separert / skal skiljast frå ektefellen min som er EØS-borgar. Kva skal eg gjere no?
Dersom de berre er separerte, har du framleis rettar gjennom ektefellen din, så lenge vedkommande jobbar i Noreg eller på andre måtar utøver rettar her.
Dersom de er formelt skilt, tilrår vi at du søkjer om nytt opphaldskort, slik at politiet/UDI kan vurdere om du har rett til opphald på sjølvstendig grunnlag.
Varig opphaldsrett
-
Når kan eg tidlegast søkje om varig opphaldskort/varig opphaldsbevis?
Dersom du har budd i Noreg i 5 samanhengande år, kan det vere du fyller vilkåra for varig opphaldsrett. Då kan du søkje om varig opphaldskort.
Når du har fylt vilkåra for opphaldsrett i 5 samanhengande år, kan du søkje om varig opphaldskort/opphaldsbevis. Vi tilrår at du ikkje søkjer tidlegare enn 3 månader før desse vilkåra er oppfylte. Les meir om vilkåra her.
-
Må eg ta norskkurs for å søkje om varig opphaldsrett?
Nei, det er ikkje noe noko krav om språkkurs. Les om alle vilkåra her.