Arbeidande gjest i landbruket


Krav til søkjaren

Krav til arbeidsforholdet

  • Du må jobbe heiltid på ein gard, eventuelt ved eit gartneri, og du må fungere som ein del av familien på garden.
  • Du kan jobbe for anten éin eller to arbeidsgivarar. Dersom du har to arbeidsgivarar, må du jobbe først hos den eine og så hos den andre. Du kan ikkje flytte fram og tilbake.
  • Arbeidsoppgåvene dine må vere ein del av den daglege gardsdrifta.
  • Du kan ikkje utføre andre arbeidsoppgåver for arbeidsgivaren, slik som større vedlikehaldsarbeid, drift av campingplass eller liknande.  
  • Gjennom arbeidet må du få kunnskap om norsk landbruk og norsk kultur.
  • Du kan ikkje arbeide meir enn 35 timar per veke. Du har krav på minst 1,5 dagar samanhengande fri i veka.
  • Du må få ei lønn på minimum 600 kroner etter skatt i veka. I tillegg må arbeidsgivaren gi deg kost og losji og betale heimreisa di.
  • Arbeidsgivaren kan ikkje ha meir enn tre arbeidande gjester hos seg samtidig.

Rettar og plikter

  • Du kan berre få opphaldsløyve som arbeidande gjest éin gong, i opptil tre månader.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.
  • Arbeidsgivaren/utvekslingsorganisasjonen kan søkje på dine vegner.