Andre typar kulturopphald i Noreg


Du kan i nokre heilt spesielle tilfelle få opphaldsløyve for kulturopphald i Noreg.

Nokre eksempel på kva som kan falle inn under slike kulturopphald er viss du er:

  • Idrettsutøvar. Du må utøve ein idrett i Noreg, og opphaldet må som hovudregel vere nødvendig av omsyn til etableringeller vidareutvikling av idrettsgreina. 
  • Skapande kunstnar. Du må vere etablert som kunstnar og du må sannsynleggjere at opphaldet i Noreg har noko å seie for utviklinga di som kunstnar, ved at norske forhold har noko å seie for at du kan få fram eit produkt (bilete, bok, skulptur eller liknande).
  • Kulturspreiar. Det er vilkår for løyvet at du spreier kunnskap om Noreg og norsk kultur i utlandet. Du må allereie vere etablert som kulturspreiar i utlandet, og halde fram med dette etter avslutta opphald i Noreg.
  • Voluntør under EU-programmet Erasmus+.
  • Deltakar i Fulbright-programmet. Du skal delta i Fulbright-programmet og fell utanfor reglane om opphaldsløyve til studentar og opphaldsløyve til forskarar med eigne midlar.

Krav til søkjaren

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du må ha ein stad å bu i Noreg.
  • Du må ha nok pengar å leve for.
  • Du må gi opplysningar om formålet med opphaldet i Noreg.
  • Viss formålet med opphaldet er kulturarbeid, må du ha dokumentasjon på tidlegare engasjement eller arbeid innan kultur eller idrett.
  • Viss du skal vere voluntør eller hospitant under EU-programmet Erasmus+, må du ha ei stadfesting frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). 

Rettar og plikter

  • Du har rett til deltidsarbeid og arbeid i feriar.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
  • Ektefellen din eller sambuar og barna dine kan vanlegvis søkje om å bu med deg i Noreg. Viss familiemedlemmene dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene deira samtidig