Utanlandsk skip som går mellom norske hamner


Dersom du skal jobbe på eit utanlandskregistrert skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner i ein samanhengande periode på minst tre månader, må du søkje om opphaldsløyve. Perioden på tre månader blir rekna som samanhengande sjølv om skipet har vore på to korte reiser eller oppdrag til andre land i opptil ti dagar til saman.

Krav til arbeidstakaren

Krav til arbeidsforholdet

Rettar og plikter

  • Dersom du skal byte skip, må du søkje om nytt opphaldsløyve.
  • Du kan få løyve for eitt år om gongen.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.