Familiemedlem av diplomat eller NATO-personell


Dersom du er ektemake, sambuar eller barn av ein diplomat eller NATO-personell, og ikkje skal arbeide i Noreg, treng du ikkje søkje om opphaldsløyve.

Dersom du skal arbeide eller drive næringsverksemd i Noreg, må du søkje om opphaldsløyve som familiemedlem av diplomat eller NATO-personell.

Krav for å få opphaldsløyve

  • Du må vere ektemake, sambuar eller eit barn som er forsørgt av ein diplomat eller NATO-personell.
  • Du må vere tilmeld og akseptert av Det norske utanriksdepartementet eller Det norske forsvarsdepartementet.