Firma eller organisasjon som skal sponse den reisande


Viss vedkommande som skal besøkje eit firma eller ein organisasjon ikkje har nok pengar sjølv, kan firmaet eller verksemda i Noreg betale for opphaldet. For å kunna gjera det, må ein kontaktperson i firmaet eller verksemda fylle ut eit sponsorskjema. Det kom eit nytt sponsorskjema 1.februar 2022. Sponsorskjemaet erstattar UDIs garantiskjema for besøk.

Slik sponsar de ein visumsøkjar

  1. Firmaet ditt må fylle ut eit sponsorskjema. Firmaet må oppgi ein kontaktperson i skjemaet. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB).
  2. Firmaet ditt må stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til firmaet og sende det ferdig utfylt skjema til den som skal besøkje firmaet. Kontaktpersonen må òg signere skjemaet for hand.
  3. Den som skal søkje visum for å komme på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på ambassaden eller søknadssenteret. Dersom søkjaren får ja på søknad om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.

Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må firmaet fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.

Slik sponsar de ein visumfri borgar

  1. Firmaet ditt må fylle ut eit sponsorskjema. Firmaet må oppgi ein kontaktperson i skjemaet. Vel om du vil ha sponsorskjema på bokmål (pdf, 988 kB) eller sponsorskjema på nynorsk (pdf, 233 kB).
  2. Firmaet ditt må stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til firmaet og sende ferdig utfylt skjema til den som skal besøkje firmaet. Kontaktpersonen må òg signera skjemaet for hand. Den som skal besøkje firmaet ditt må ta med seg sponsorskjemaet når vedkommande reiser.

Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss den som skal besøkje firmaet ditt planlegg å besøkje firmaet fleire gangar, må de fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.

Krav til firmaet eller verksemda

  • Firmaet eller verksemda må vere registrert i Noreg.   
  • Firmaet eller verksemda må vere i drift.

Kva betyr det å vere sponsor?

Å vere økonomisk sponsor er ikkje det same som å garantere at den som kjem på besøk reiser ut av Noreg når besøket er over. Det er ikkje mogleg for deg som skal få besøk å stille den typen garanti. Det er utlendingsmyndighetene som vurderer om det er sannsynleg at den som har søkt om visum vil reise tilbake når besøket er over, ut frå kor mykje den som skal besøke deg har som knyttar han eller ho til heimlandet sitt.