Tilsett i organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid


Nokon tilsette i ein organisasjon som driv internasjonalt humanitært arbeid, treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår.

Du må sjekke om du treng besøksvisum.

Krav

  • Du må vere tilsett i ein organisasjon i Noreg eller i utlandet.
  • Organisasjonen må drive internasjonalt humanitært arbeid.
  • Du skal halde eller delta i møte, seminar eller kurs som fremmer internasjonalt humanitært arbeid. Du skal gjere dette i til saman maksimalt 14 dagar i løpet av eit kalenderår.