Personell på fly i internasjonal trafikk


I nokre tilfelle treng ikkje personell på fly i internasjonal trafikk å ha opphaldsløyve, dersom dei skal arbeide på flygingar til og frå Noreg. 

Dette kan du gjere utan opphaldsløyve

  • Arbeide på flygingar til og frå Noreg.
  • Overnatte i Noreg i samband med flygingane og reise i kommunen der flyplassen ligg.
  • Reise til ein annan norsk flyplass dersom du skal vere personell på ein flyging ut av Noreg derfrå.

Krav

  • Du må ha luftfartssertifikat (flymannskaps- eller besetningsmedlemssertifikat)
  • Du kan ikkje gjere anna arbeid i Noreg.
  • Du kan ikkje bu i Noreg.
  • Du kan ikkje opphalde deg i Noreg i til saman meir enn 90 dagar i løpet av seks månader.