Invitasjon frå familie eller venner


Kva er ein invitasjon?

Ein invitasjon er eit brev skrive av den du skal besøke. Dette leverer du inn saman med dei andre søknadsdokumenta dine.

Nokre ambassadar har eit eige invitasjonsskjema. Dette finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan den du skal besøke fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev.

Kva må invitasjonen innehalde?

  • opplysningar om korfor du har blitt invitert, for eksempel til eit bryllaup eller ein barnedåp
  • forslag til datoar for besøket og eventuelt dato for familiesamankomsten
  • informasjon om den som inviterer, for eksempel om arbeid og bustad
  • informasjon om forholdet mellom deg og den som inviterer, for eksempel om dei er i familie

Dersom den som inviterer også stiller økonomisk garanti, bør også det stå i invitasjonen.