Korleis kan eg dokumentere at eg har lovleg opphald?


Viss du meiner du har lovleg opphald, må du sjølv kunne dokumentere at du, eller EU/EØS-borgaren faktisk arbeider, er sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller ha eigne midlar til å forsørgje deg sjølv.

Viss nokon ber deg om å dokumentere at du har lovleg opphald, kan du dokumentere dette ved å vise fram arbeidskontraktar, oppdragskontraktar, lønnsslippar, studiesertifikat eller liknande.

Som familiemedlem må du i tillegg leggje fram dokumentasjon på familierelasjonen, for eksempel vigselsattest.

UDI kan ikkje bekrefte lovleg opphald

UDI kan ikkje bekrefte at EU/EØS borgaren faktisk arbeider, er sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller student, eller har eigne midlar. UDI kan derfor ikkje bekrefte lovleg opphald.

Eit registreringsbevis eller eit gyldig opphaldskort kan ikkje brukes til å bekrefte lovleg opphald.