Korleis får eg eit D-nummer eller eit fødselsnummer?


Viss du er ein britisk borgar som kom til Noreg før 1. januar 2021, eller familiemedlem av ein britisk borgar som kom til Noreg før 1. januar 2021, må du sjølv kontakte Skatteetaten for å få tildelt eit D-nummer eller eit fødselsnummer.

Du kan ikkje kontakte UDI eller politiet for å få D-nummer eller fødselsnummer.

Et D-nummer (eksternt nettsted) er eit mellombels identitetsnummer. Eit fødselsnummer (eksternt nettsted) er eit permanent identitetsnummer.

Du får fødselsnummer fra Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg (eksternt nettsted), dersom Skatteetaten meiner du fyller vilkåra for dette.