Arbeidsgivarar: Tilsetje ein person som er EU/EØS-borgar
Informasjon om kva du som arbeidsgivar må tenkje på når du skal tilsetje ein arbeidstakar som er statsborgar av eit EU/EØS-land.
Alle EU/EØS-borgarar kan arbeide i Noreg
- Alle EU/EØS-borgarar har rett til å vere arbeidstakarar i Noreg.
- EU/EØS-borgarar kan flytte til Noreg og begynne å jobbe med éin gong, men må registrere seg hos politiet seinast tre månader etter at dei kom til Noreg. Det er gratis å registrere seg.
- Svenske, danske, islandske og finske statsborgarar kan arbeide utan å registrere seg hos politiet, men dei må melde flytting til Folkeregisteret (eksternt nettsted).
-
EU/EØS-borgarar som ikkje har registrert seg enno
- Dersom du skal tilsetje ein EU/EØS-borgar som ikkje har registrert seg hos politiet enno, må du gi arbeidstakaren eit tilsetjingsbevis (nynorsk) (pdf, 849 kB)/ansettelsesbevis (bokmål) (pdf, 1,0 MB) eller ein arbeidskontrakt som inneheld den same informasjonen som i tilsetjingsbeviset. Dette må arbeidstakaren vise fram til politiet når han eller ho registrerar seg.
- Det er arbeidstakaren sjølv som må registrere seg. Du kan hjelpe arbeidstakaren med å leggje inn opplysningar i Søknadsportalen (eksternt nettsted) og bestille time hos politiet, men arbeidstakaren må sjølv møte opp hos politiet. Les kva krav som gjeld og gå til søknadsskjemaet her (du må først velje statsborgarskapet til søkjaren).
-
EU/EØS-borgarar som allereie har registrert seg
- Dersom arbeidstakaren tidlegare har registrert seg hos politiet, har han eller ho fått eit registreringsbevis.
- Arbeidstakaren kan begynne å jobbe hos deg med ein gong og skal ikkje registrere seg på nytt.
Kontakt og spørsmål
- Arbeidsgivarar kan kontakte UDIs rettleiingsteneste via kontaktskjema eller telefon for å få svar på spørsmål om regelverk for utanlandske tilsette og familiemedlemmane deira.
- I Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Kirkenes er det eigne Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar, SUA (eksternt nettsted).