Du må gi slike biometriske kjenneteikn for søknader om opphaldsløyve, reisedokument og visum. Viss du søkjer om opphald, må du i tillegg gi ein elektronisk signatur som blir lagra. Når dette er gjort, vil mange sleppe å møte hos politiet ein gong til når søknaden er ferdig behandla.
Når du sender inn søknaden din i Søknadsportalen, vil du få beskjed om å bestille time hos politiet eller VFS søknadssenter/ambassade i utlandet. Du kan ikkje møte hos politiet utan at du har ein timeavtale. Du må bestille time i det politidistriktet der du er busett. Når du møter opp til timeavtalen din for å levere søknaden og dei nødvendige vedlegga, vil politiet eller VFS søknadssenteret/ambassaden forklare deg kva biometriske kjenneteikn du skal gi, og korleis du gjer det.
Her finn du ei oversikt over krav til kva biometriske kjenneteikn du må gi for ulike søknadstypar.
Når saka di er ferdig behandla, får du eit vedtaksbrev med informasjon om du må møte opp hos politiet på nytt eller ikkje.
Når vi får fingeravtrykka dine og ansiktsbiletet av deg, blir dette lagra i utlendingsregisteret. Du kan lese om korleis vi behandlar data i Personvernerklæringa til Utlendingsdirektoratet (UDI). Når fingeravtrykk og bilete er lagra, kan politiet eller ambassaden søkje i det same registeret for å sjå om du er registrert frå før. Då kan vi òg gjenbruke informasjonen vi har lagra om deg når saka di er ferdig behandla. Det betyr at politiet i mange tilfelle kan bestille opphaldskort utan at du må møte opp igjen i samband med same sak.
Mange kan bestille opphaldskortet sitt utan å møte opp hos politiet på nytt. Dette gjeld deg viss du har levert søknaden om opphald i Noreg, har gitt biometri til politiet og har fått innvilga opphald. Dette omfattar òg deg som har søkt om fornying av opphaldsløyve som flyktning (asyl). Det er likevel nokre unntak frå denne regelen.
Viss eitt av følgjande gjeld for situasjonen din, må du møte opp to gonger hos politiet i samband med søknaden din:
Viss du har søkt opphald etter brexit-regelverket, må du berre møte opp hos politiet éin gong. Du får beskjed om å bestille time etter at søknaden din er ferdig behandla.
Du som har søkt frå utlandet, må møte opp hos politiet i distriktet ditt når du kjem til Noreg.