Forskar med eigne midlar

NB! Dersom du er forskar som har ein arbeidsgivar i Noreg må du søkje om opphaldsløyve som faglært arbeidstakar.

Krav til forskaren 

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du må forske ved eit norsk universitet, høgskole, institutt eller liknande.
  • Du må ha nok pengar til å leve for. Det vil seie minst 

    126 357 kroner i året

    . Denne summen kan vere lønn frå ein utanlandsk arbeidsgivar, stipend frå utlandet eller Noreg, eigne pengar på konto eller ein kombinasjon av desse midlane.
  • Du må ha ein stad å bu.
  • Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når du er ferdig med å studere. 

Rettar og plikter for dei som får løyve

  • Dersom du får løyve, får du også løyve til å arbeide deltid 20 timer per veke ved sida av forskinga og fulltid i feriane.
  • Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.