Skal fornye Studieløyve


For å behalde alle rettane dine er det viktig at du søkjer om fornying i god tid før opphaldsløyvet ditt går ut. 

Dette må du gjere

  1. Ventetida for å få time hos politiet kan vere veldig lang. Du må registrere søknaden på nett og bestille time hos politiet i god tid, minst tre månader før opphaldsløyvet ditt går ut. Viss første ledige time er etter at løyvet ditt går ut, så har du dei same rettane som før viss du registrerer søknaden om fornying i god tid.

  2. Vanlegvis må du møte opp til avtalt time hos politiet og levere dokumenta dine seinast éin månad før opphaldsløyvet ditt går ut. Først da er søknaden din levert. Viss du har eit fornybart opphaldsløyve og du søker i tide, kan du arbeide og opphalde deg i Noreg som tidlegare, heilt fram til du får svar på søknaden. Dette gjeld sjølv om opphaldsløyvet ditt går ut medan du ventar.

Sjølv om du har søkt i tide, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg medan du venter på det nye løyvet ditt. Dette er fordi du ikkje har eit gyldig opphaldskort. Utan opphaldskortet kan du bli stoppa i grensekontrollen i andre land. Du kan og få problem med å sleppe inn i Noreg igjen når du skal tilbake hit. 

Vi sender ikkje lenger ut f-koder. Les meir her.

  • Krav til å fornye

behandlingstid

Ventetid

Sjekk kor lenge du må vente for å få svar på ein søknad om studieløyve. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?