I ventetidsguiden vår finn du jamleg oppdatert informasjon om ventetida for din type søknad. Dette er den mest presise og best oppdaterte informasjonen vi har om ventetider i sakene våre, og du vil ikkje få annan informasjon om ventetider sjølv om du kontaktar oss.
Det som står om ventetider i denne saka gjeld alle saker unntatt søknader om vern (asyl), som har ein litt annan måte å informera om ventetider på.
Ventetida du finn på nettsidene våre blir rekna frå du leverer dokumenta til søknaden hos politiet i Noreg eller på søknadssenter/ambassade i utlandet.
Perioden du må vente frå du registrerte søknaden til du møter opp og leverer dokumenta er ikkje rekna med i ventetida til UDI. Kor lenge du må vente for å få time varierer, og på grunn av koronasituasjonen kan det vere lang ventetid nokon stader.
UDI kan ikkje svare på spørsmål om ventetid og timebestilling hos politiet eller søknadssenter/ambassade.
Ja, det kan skje. Dei ventetidene vi gir opp forteljar deg kva ventetida er for dei søknadene vi fattar vedtak i no. Viss det står at ventetida er seks månader, så betyr det at dei sakene vi fattar vedtak i no er omlag seks månader gamle. Vi oppdaterer ventetidene kvar månad.
Det skjer at vi må forandra ventetidene. Det kan til dømes komma av at vi har fått fleire søknader enn forventa, eller at vi må endra prioriteringa av sakene. Når vi endrar ventetidene gjeld den nye ventetida ikkje berre for nye saker, men også for dei søknadene som allereie er leverte og som ligg i kø.
Så dersom du til dømes søkte for tre månader sidan og ventetida blir endra frå seks til sju månader, så gjeld den nye ventetida på sju månader òg for di sak. Vi tilrår derfor at du sjekkar på nettsida vår om ventetida er justert for sakstypen din før du kontaktar oss.
Ja, i nokre saker må vi gjere undersøkingar som gjer at saka tar lengre tid. Det kan til dømes hende at vi må sende saka til politiet eller til ein ambassade for å gjere eit intervju, gjere ein DNA-test, sjekke om eit dokument er gyldig eller om opplysningar vi har fått frå deg som søkar eller frå andre stader er korrekte.
Kor lang tid politiet eller ambassaden bruker på å gjere intervju, ta DNA test eller gjere andre undersøkingar, varierer frå stad til stad. Du kan finne informasjon om ventetider hos politiet på nettsida til politiet (ekstern nettstad), og om ventetider på ambassaden på nettsida til ambassaden (ekstern nettstad). UDI kan ikkje svare på kor lenge du må venta på undersøkingar som skal gjerast hos politiet eller hos ambassaden.
I nokre saker må vi først fatte vedtak i saka til familiemedlemmen din før vi kan fatte vedtak i di sak. Viss det er ting i saka til familiemedlemmen din som gjer at saka tar lang tid, kan det bety at også di sak tar lengre tid.
Viss saka di har tatt lengre tid enn det som er gitt opp som ventetid for sakstypen din og du ikkje har fått noko beskjed om dette, så kan du kontakte oss.
Gå til vår guide til ventetid i arbeidssaker.
Vi har mange saker til behandling no, og det påverkar dessverre ventetidene våre. Dette fører òg til at fleire ringar veiledningstjenesten til UDI. Viss du ikkje har høyrt noko om saka di så er den ikkje ferdig behandla endå.
Ventetida gjeld frå den dagen saka er registrert hos ambassaden. Viss søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra, fordi søknaden din skal sendast med bod til og frå ambassaden. Nokre stadar kan det ta opptil to veker frå saka blir send frå VFs søknadssenter til ambassaden mottar han. Du finn informasjon på nettsidene til ambassaden om kor lang tid dette tek.
Dersom søknaden din blir behandla av ambassaden i landet du bur i, får du vanlegvis svar innan 15 dagar etter at du leverte søknaden på VFS søknadssenteret, konsulatet eller ambassaden.
Dersom søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra, fordi søknaden din skal sendast med bud til og frå ambassaden.
Dei aller fleste søknadene blir behandla av ambassaden, men dersom ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei søknaden din til UDI.
Vi kan ikkje svare på om saka vil bli sendt til UDI, det er det ambassaden som bestemmer. Viss saka di blir send til UDI får du beskjed om det på e-post eller sms. Sendast saka til oss for behandling kan vi dessverre ikkje garantere at ho blir behandla innan 45 dagar, fordi vi har mange saker i kø.
Du vil vanlegvis få svar på klaga innan 9 månader etter at du leverte søknaden om besøksvisum på søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet.
I samband med koronasituasjonen og opninga av grensene har UDI fått fleire oppgåver som må prioriterast. Ventetida kan derfor endre seg og bli lengre medan klaga di er til behandling. Her kan du lese kva som kan gjere at ventetida forandrar seg og korleis du kan halde deg oppdatert.
Denne informasjonen vart sist oppdatert
18. januar 2023
og blir oppdatert neste gong
22. februar
.
Gå til vår guide til ventetid i studiesaker.
Gå til vår guide til ventetid i au pair-saker.
Gå til vår side med ventetider for de som har søkt om beskyttelse (asyl).
Innan 10 månader etter at politiet eller UDI har oppretta ei utvisingssak og sendt eit førehandsvarsel, vil dei aller fleste få eit vedtak.
EU-/EØS-borgarar
Innan 6 månader etter at UDI har fått søknaden, vil dei aller fleste ha fått svar.
Borgarar av land utanfor EU/EØS
Innan 8 månader etter at UDI har fått søknaden, vil dei aller fleste ha fått svar.
Dersom du også har søkt om opphaldsløyve, må du leggje til ventetida for svar på søknaden om oppheving av innreiseforbodet til kor lang tid det totalt tek før du får svar på søknaden din om opphaldsløyve.
Borgarar av land utanfor EU/EØS som etter ha fått eit innreiseforbod til Noreg har blitt omfatta av EØS-regelverket
Dersom du har levert inn alle nødvendige dokument, og UDI meiner at det er heilt klart at innreiseforbodet ditt skal bli oppheva, vil vi behandle søknaden innan 15 dagar.
Dersom UDI har bedt deg om å sende inn fleire dokument eller annan informasjon, eller UDI må gjere fleire undersøkingar, vil saka di ta litt lengre tid å behandle. Når vi har fått dokumenta frå deg, vil vi begynne å behandle saka di igjen.
3 månader etter at UDI eller politiet har fått klagen din, vil vi anten gjere om vedtaket eller sende saka di til Utlendingsnemnda (UNE) for klagebehandling.
Du finn informasjon på UNE sine nettsider om kor lang tid det vil ta frå UNE får klagen din, til du får eit svar på klagen (ekstern nettstad)
Denne informasjonen vart sist oppdatert
18. januar 2023
og blir oppdatert neste gong
22. februar
.
Dersom du har søkt om sjølvstendig opphaldsløyve fordi du har blitt mishandla av ektefellen/sambuaren din, vil du vanlegvis få svar på søknaden innan 16 månader.
Dersom du har søkt om opphaldsløyve for medisinsk behandling for borgarar av land utanfor EU/EØS, vil du vanlegvis få svar på søknaden innan 12 månader.
Viss du skal bli intervjua av ambassaden eller politiet, kan det ta lenger tid før du får svar på søknaden. Du vil få beskjed dersom du skal på intervju.
Dersom du har søkt om opphaldsløyve for personar som hadde norsk mor eller far da dei blei fødd, vil du vanlegvis få svar på søknaden innan 12 månader.
Dersom du har søkt om opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn eller fordi du har særleg tilknyting til Noreg (humanitært grunnlag), vil du vanlegvis få svar på søknaden innan 12 månader.
Du vil vanlegvis få svar på søknaden innan 6 månader.
Denne informasjonen vart sist oppdatert
18. januar 2023
og blir oppdatert neste gong
22. februar
.
Viss du skal registrere deg som EU/EØS-borgar hos politiet kan det vera ventetid for å få time. Du må sjekke ventetidene til politiet (ekstern nettstad).
Veldig mange har søkt om opphaldsløyve etter Brexit-regelverket. Du må derfor rekne med å vente på svar ganske lengje. Dei fleste som har søkt vil få svar innan april 2023.
Fristen for å levere søknad om brexit-løyve er 31. desember 2021. Viss du har søkt, treng du ikkje å forlate Noreg etter 31. desember 2021, men kan fortsetje å bu og arbeide her fram til du har fått svar på søknaden din.