Du kan søkje om å bli løyst frå det norske statsborgarskapet ditt i tre ulike tilfelle:
- Du bur i utlandet og må løyse deg frå det norske statsborgarskapet for å få statsborgarskap i eit anna land.
- Du bur i utlandet og har statsborgarskap i eit anna land.
- Det held ikkje at du er registrert utflytta frå Noreg; du må ha intensjon om å bli buande i utlandet. Du treng ikkje bu i landet du har statsborgarskap i.
- Du bur i Noreg, men har statsborgarskap i eit anna land, og det vil vere urimeleg å nekte å løyse deg.
- Det skal mykje til for å få ein slik søknad innvilga. Du må oppgje kvifor det vil vere urimeleg. Ønsket om å unngå forpliktingar som følgjer av å vere norsk statsborgar, er til dømes ikkje ein gyldig grunn.
Korleis søkjer du?
Det finst ikkje eit eige søknadsskjema; det held at du skriv eit brev til UDI. Du må dokumentere at du fyller eitt av dei tre krava for å bli løyst frå det norske statsborgarskapet.
Bur du i utlandet, må du møte opp hos næraste norske ambassade eller konsulat (ekstern nettstad) for å levere brevet. Bur du i Noreg, må du møte opp hos politiet for å levere brevet.
Løysing av barn frå norsk statsborgarskap
Barn mistar ikkje automatisk det norske statsborgarskapet sitt sjølv om foreldra blir løyste frå sine. Det er også mogleg å søkje om at eit barn blir løyst frå eit norsk statsborgarskap, uavhengig av alderen på barnet og av om foreldra søkjer samtidig.