Type søknad | Gebyr |
---|---|
Førstegongs søknad om beskyttelse (asyl) | 0,- |
Fornying av opphaldsløyve for beskyttelse (asyl) | 0,- |
Personar over 18 år som søkjer om opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn | 1 100,- |
Personar over 18 år som søkjer om fornying av opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn | 1 100,- |
Personar over 18 år som søkjer om fornying av opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn som er avgrensa på grunn av identitet | 1 100,- |
Fornying av opphaldsløyve for dei som ikkje har fått beskyttelse i Noreg, men har fått opphald på grunn av vern mot retur (§ 74) | 0,- |
Arbeidsløyve etter endeleg avslag på søknad om beskyttelse (asyl) | 1 100,- |
Arbeidsløyve for asylsøkjarar som har ein søknad om beskyttelse til behandling | 0,- |
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år (ein eller fleire innreiser) | 80 euro |
Besøksvisum for barn mellom 6 og 12 år (ein eller fleire innreiser) | 40 euro |
Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år som er statsborgarar av Aserbajdsjan (ein eller fleire innreiser) |
35 euro |
Besøksvisum for barn mellom 6 og 12 år (ein eller fleire innreiser) som er statsborgarar av Gambia | 40 euro |
Besøksvisum for vaksne og barn over 12 år (ein eller fleire innreiser) som er statsborgarar av Gambia. Les informasjon for borgarar frå Gambia her. | 120 euro |
Besøksvisum for alle barn under 6 år (ein eller fleire innreiser) | 0,- |
Dersom du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som representerer ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Dersom søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Noreg har inngått avtalar med andre Schengen-land (i hovudsak Danmark og Sverige) om at nokre av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landet som representerer oss.
Viss du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter at du kjem til Noreg, må du få eit innreisevisum i passet ditt. Dette er det i hovudregelen den norske ambassaden i det landet du oppheld deg som gjer.
Viss du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg at du må betale for at passet skal bli sendt til ambassaden, anten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt ambassaden det gjeld for informasjon om korleis du skal gå fram.
Søknader om forlenging av visumet etter at du har komme til Noreg | Gebyr |
---|---|
Søknad om å forlenge visumet | 30 euro |
Type søknad |
Gebyr |
---|---|
Førstegongs søknad om familieinnvandring for vaksne |
10 500,- |
Førstegongs søknad for vaksne om familiegjenforening med ein flyktning som har midlertidig opphaldsløyve |
7 800,- |
Søknader frå barn under 18 år | 0,- |
Fornying familieinnvandring for vaksne (viss du søkjer før det førre løyvet ditt har gått ut) |
2 600,- |
Fornying av familieinnvandring for vaksne (viss du søkjer etter at det førre løyvet ditt har gått ut) |
10 500,- |
Søknad for vaksne som allereie har familieinnvandringsløyve (til dømes med trulova, og har gifta seg) |
2 600,- |
Forelder som skal besøkje barn i Noreg i inntil ni månader | 10 500,- |
Personar som hadde norsk mor eller far da dei blei fødde | 1 100,- |
Nære familiemedlemmar til ein EU/EØS-borgar, som søkjer om opphaldskort | 0,- |
Personar som søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at ektefelle eller sambuar døydde |
0,- |
Personar som søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at dei har blitt mishandla i samlivet |
0,- |
Dersom du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som representerer ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Dersom søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Noreg har inngått avtalar med andre Schengen-land (i hovudsak Danmark og Sverige) om at nokre av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landet som representerer oss.
Viss du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter at du kjem til Noreg, må du få eit innreisevisum i passet ditt. Dette er det i hovudregelen den norske ambassaden i det landet du oppheld deg som gjer.
Viss du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg at du må betale for at passet skal bli sendt til ambassaden, anten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt ambassaden det gjeld for informasjon om korleis du skal gå fram.
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Opphaldsløyve for arbeid (gjeld også for fornying) | 6 300,- |
Gruppeløyve for arbeidsgjevar (per arbeidstakar) | 6 300,- |
Studieløyve for søkjarar over 18 år (gjeld også for fornying) | 5 900,- |
Studieløyve for søkjarar under 18 år | 0,- |
Au pair-løyve (gjeld også for fornying) | 9 100,- |
Løyve for forskar med eigne midlar (gjeld også for fornying) | 5 900,- |
Dersom du leverer søknaden din ved eit søknadssenter som representerer ambassaden, må du betale eit ekstra servicegebyr. Dette gebyret kjem i tillegg til det vanlege søknadsgebyret.
Dersom søknadssenteret skal sende søknaden din til ein ambassade i eit anna land, må du i tillegg betale eit kurer-gebyr. Ta kontakt med søknadssenteret for informasjon om dette gebyret.
Noreg har inngått avtalar med andre Schengen-land (i hovudsak Danmark og Sverige) om at nokre av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landet som representerer oss.
Viss du er visumpliktig og har fått opphaldsløyve eller løyve til å søkje om opphaldsløyve etter at du kjem til Noreg, må du få eit innreisevisum i passet ditt. Dette er det i hovudregelen den norske ambassaden i det landet du oppheld deg som gjer.
Viss du oppheld deg i eit land utan norsk ambassade, er det mogleg at du må betale for at passet skal bli sendt til ambassaden, anten direkte av deg sjølv eller via eit konsulat eller ein ekstern tenesteytar. Kontakt ambassaden det gjeld for informasjon om korleis du skal gå fram.
Deltakarar i Fulbright-program må betale gebyr i Søknadsportalen, men vil få gebyret refundert når dei møter opp på ambassaden eller hos politiet for å levere søknadsdokumenta. Det same gjeld for familiemedlemmer av deltakarar dersom dei søkjer om familieinnvandringsløyve.
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Søknader om alle typar opphaldsløyve for personar under 18 år (også fornying) | 0,- |
Personar som er utsette for menneskehandel og søkjer om opphaldsløyve (refleksjonsperiode) |
0,- |
Personar som søkjer om nytt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at dei har blitt mishandla i samlivet |
0,- |
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Permanent opphaldsløyve for vaksne | 3800,- |
Permanent opphaldsløyve for barn under 18 år | 0,- |
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Personar som har løyve på grunnlag av søknad om beskyttelse (første gong du får reisebevis) |
0,- |
Personar som skal returnere med IOM og ikkje har høve til å skaffe pass frå heimlandet |
0,- |
Personar over 18 år som har løyve på anna grunnlag enn søknad om beskyttelse (førstegongssøknad) |
2400,- |
Personar under 18 år som har løyve på anna grunnlag enn søknad om beskyttelse (førstegongssøknad) |
1200,- |
Personar over 18 år som tidligare har fått avslag på søknad om utlendingspass | 2400,- |
Personar under 18 år som tidligare har fått avslag på søknad om utlendingspass | 1200,- |
Personar over 18 år som har mista eller fått øydelagt tidligare utstedt reisebevis eller utlendingspass |
2400,- |
Personar under 18 år som har mista eller fått øydelagt tidligare utstedt reisebevis eller utlendingspass |
1200,- |
Utlendingspass for enkeltreiser | 2400,- |
Fornying for personar som er 16 år og eldre (alle må betale dette) | 570,- |
Fornying for personar under 16 år (alle må betale dette) | 340,- |
Personar over 16 år som søkjer om nytt reisedokument etter namneendring | 570,- |
Personar under 16 år som søkjer om nytt reisedokument etter namneendring | 340,- |
Type søknad | Gebyr |
---|---|
Søknad om norsk statsborgarskap for vaksne | 6 500,- |
Søknad om å få tilbake norsk statsborgarskap for vaksne (ny ordning frå 2020) | 3 200,- |
Søknad om norsk statsborgarskap for barn under 18 år | 0,- |
Melding av norsk statsborgarskap for barn under 18 | 0,- |
Melding av norsk statsborgarskap for nordiske statsborgarar, vaksne | 2 700,- |
Søkje om å behalde norsk statsborgarskap | 0,- |
Søkje om å bli løyst frå norsk statsborgarskap | 0,- |
Type bestilling | Gebyr |
---|---|
Dersom det gamle kortet ditt har gått ut | 300,- |
Dersom du har mista kortet ditt, eller det har blitt stole eller øydelagt | 300,- |
Dersom du skal endre namnet ditt, eller anna informasjon, på kortet | 300,- |
Dersom du tidlegare hadde etikett i passet ditt, og no skal ha kort for første gong | 300,- |
Dersom du har permanent opphaldsløyve og det gamle kortet ditt framleis er gyldig | 0,- |
Dersom du har varig oppholdsrett og det gamle kortet ditt framleis er gyldig | 0,- |
Dersom du fekk eit kort som var øydelagt eller inneheldt feil | 0,- |
NB! Når du møter opp hos politiet for å ta bilete til nytt kort må du alltid levere det gamle kortet, viss ikkje må du betale eit gebyr på 300 kr.
Ingen treng å betale gebyr for å klage på eit vedtak.
Som EU/EØS-borgar eller nær familiemedlem til EU/EØS-borgarar skal du ikkje betala gebyr når du flyttar til Noreg.
Det er gratis å bruka registreringsordninga for EU/EØS-borgarar. Det er gratis å søka om opphaldskort som familiemedlem av EU/EØS-borgar, og det er gratis å søka om varig opphaldsrett i Noreg viss du har vore her i minst fem år.
Viss du har fylt ut feil søknadsskjema, må du registrere ein ny søknad.
For å få refundert søknadsgebyret for den første søknaden, må du kontakte ambassaden eller politiet der du søkte først.
Viss du ønsker å trekkje ein søknad før du har møtt opp for å levere søknadsdokumenta, må du kontakte ambassaden eller politistasjonen du valde i søknadsskjemaet og be om å få refundert gebyret. Det er berre mogleg å få refundert gebyret for ein søknad som du ikkje har levert ved personleg oppmøte.
Søknadsgebyret for ein type søknad reflekterer kva det i gjennomsnitt kostar utanriksstasjonar, politiet og UDI å behandle denne typen søknad. Når gebyret blir berekna, blir både kostnadar som er direkte knytt til saksbehandlinga og en del av dei indirekte kostnadane (til dømes leiing, drift og IKT-forvaltning) inkluderte, der dette er relevant.
Når norske myndigheiter gjennomgår og oppdaterer kostnadar knytt til dei ulike sakstypane, for å bestemme gebyra, tek vi utgangspunkt i forsiktige estimat, slik at ikkje søkjarane må dekke unødvendige kostnadar.