Dersom du
og ektefellen eller sambuaren din ikkje har nok inntekt, kan du garantere økonomisk i saka deira.
Viss du skal vere garantist, må du ha ei samla inntekt på {PagePropertyPlugin} før skatt. Det må vere sannsynleg at du vil ha denne inntekta i minst eitt år framover. Seinare kan du bli beden om å dokumentere at du hadde denne inntekta det fyrste året familiemedlemmen din var i Noreg.
Dersom du skal vere garantist er det ikkje mogleg å leggje saman inntekta di og inntekta til ektefellen eller sambuaren din for å fylle kravet til inntekt. Når du skal vere garantist, må du oppfylle kravet til inntekt aleine.
arbeidsinntekt
sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, uførepensjon eller alderspensjon frå folketrygda
andre varige pensjonar eller faste periodiske bidrag (forsikringsutbetalingar eller liknande)
introduksjonsstønad for nyankomne innvandrarar
lån eller stipend du får i samband med utdanning
Du som er garantist kan ha ein eller fleire av desse typane inntekt, så lenge dei til saman blir minst {PagePropertyPlugin} før skatt. For eksempel kan du ha ei uføretrygd på 200 000 kr i året og ei arbeidsinntekt på 100 000 kr i året.
økonomisk sosialhjelp
bostønad
dagpengar og arbeidsavklaringspengar
stønader du får fordi du har barn
eigne midlar (pengar på konto)
Det er ikkje mogleg for deg å garantere økonomisk i ei sak der nokon skal flytte til ektefellen sin, sambuaren sin eller forloveden sin i Noreg. Då er det ektefellen, sambuaren eller forloveden som bur i Noreg som sjølv må fylle kravet til inntekt.
For å bli garantist må du fylle ut dette skjemaet. (pdf, 654 kB) Du treng ikkje stempel frå politiet på skjemaet.