D-nummer


Eit d-nummer er eit mellombels identitetsnummer som du får frå Skatteetaten i dei tilfella der du treng eit identitetsnummer i Noreg, men ikkje møter kriteria for å få tildelt eit fødselsnummer.

Kva bruker eg d-nummeret til?

Vi har to typar identitetsnummer i Noreg: fødselsnummer og d-nummer. Nokre offentlege og private verksemder krev at du har eit norsk identitetsnummer for å få tilgang til tenestene deira. Med eit identitetsnummer kan du til dømes opne ein bankkonto, få fastlege (ekstern nettstad), leige bustad og betale skatt.  

D-nummeret består av 11 tal. Det er Skatteetaten som har ansvar for ordninga med identitetsnummer i Noreg (ekstern nettstad), herunder d-nummer.  

Korleis får eg eit d-nummer?  

  • Viss du er EU/EØS-borger og kjem til Noreg for å arbeide i mindre enn seks månader, får du d-nummer når du søkjer Skatteetaten om skattekort (ekstern nettstad).
  • Viss du har fått eit opphaldsløyve i Noreg, får du d-nummeret ditt i eit brev frå Skatteetaten omtrent to veker etter at du møter hos politiet for å bestille opphaldskort.  
  • Viss du er asylsøkjar, får du eit d-nummer når du kjem til Noreg. Du får det av UDI eller politiets utlendingsenhet (PU) når du registrerer deg.  

Du kan lese meir om d-nummer på Skatteetatens nettsider (ekstern nettstad).   

Kva viss eg skal vere i Noreg i meir enn seks månader?

Då kan det hende at du har rett til å få eit fødselsnummer.   

Det er Skatteetaten som tildeler fødselsnummer og avgjer om du oppfyller vilkåra for å bli registrert busett i Noreg. Viss du får tildelt eit fødselsnummer, så skal du bruke fødselsnummeret ditt i staden for d-nummeret ditt (ekstern nettstad).  

Viss du er innvilga eit opphaldsløyve som varer i seks månader eller meir, og du meiner at du skulle vore registrert busett i Noreg og fått fødselsnummer i staden for d-nummer, kan du melde innflytting til Noreg sjølv (ekstern nettstad).  

Er DUF-nummer det same som d-nummer?  

Eit DUF-nummer er ikkje det same som d-nummer. DUF-nummeret er registreringsnummeret ditt i UDI (ekstern nettstad). 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?