Kan eg forlenge innreisefristen min til Noreg?


Når du får vedtak frå UDI om at du har fått eit opphaldsløyve for arbeid, får du òg ein frist for når du må reise inn til Noreg.

Du kan få utvida innreisefristen viss det er spesielle grunnar til at du ikkje kan reise til Noreg innan fristen, og du framleis har jobbtilbodet du fekk opphaldsløyve for. Du må be om forlengt innreisefrist før din noverande innreisefrist går ut, og du må legge ved oppdatert arbeidstilbod. Innreisefristen vil vanlegvis forlengast med inntil seks månader.

Viss du ikkje har same jobbtilbod lenger, må du søke på nytt for eit opphaldsløyve for det jobbtilbodet du har no.

Slik ber du om utvida innreisefrist

Når du ber om forlengt innreisefrist, må du forklare oss kvifor du ikkje kan reise inn til Noreg innan fristen. I mange tilfelle vil UDI be deg levere dokumentasjon på årsaka du oppgir. Viss du til dømes ikkje klarer å halde innreisefristen fordi du er sjuk, så må du dokumentere sjukdom. Viss det er andre årsaker, må du prøve å dokumentere situasjonen så godt som mogleg. 

For å be om utsett innreisefrist må du kontakte UDI på telefon. Vi vil vurdere om du kan få utvida innreisefrist og kva dokumentasjon du må sende til oss ut ifrå forklaringa di. Viss du får utvida innreisefrist, vil ambassaden kontakte deg så du får eit nytt innreisevisum med ny innreisefrist.