Korleis får eg registrert adressa mi i Noreg, får fødselsnummer eller d-nummer og skattekort?


Når du møter opp hos politiet for å bestilla opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.

Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt.

Dersom du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa di er når du møter hos politiet, slik at du blir registrert på riktig adresse i det norske folkeregisteret.

Dersom du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).

Dersom du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakta folkeregisteret (eksternt nettsted).

Registrere adresse

Viss du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa din er når du er hos politiet, slik at du blir registrert på rett adresse i det norske folkeregisteret.

Fødselsnummer/d-nummer

Når du møter opp hos politiet for å bestille opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til Skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.

Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt

Viss du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakte Folkeregisteret (eksternt nettsted).

Skattekort

Viss du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).