UNE tek opp att behandlinga av Sudan-saker


UNE tek opp att behandlinga av Sudan-saker, og suspensjonen av utreiseplikta til Sudan blir oppheva.

Publisert: 09.11.2023

Oppdatert 13.05.24: UDI behandlar no søknader om beskyttelse (asyl) frå sudanske borgarar. UDI følgjer nøye med på den generelle tryggingssituasjonen og gjer individuelle vurderingar i lys av oppdatert landinformasjon.

På grunn av krigsutbrot i Sudan vart alle saker som gjaldt retur til landet sette på vent hos Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) i mai 2023. Det er framleis ingen teikn til noka fredeleg løysing på krigen i Sudan i næraste framtid. UNE har derfor bestemt å begynne å behandle Sudan-sakene igjen. Her kan du lese pressemeldinga til UNE (eksternt nettsted).

Personar med utreiseplikt kan be UNE om å få saka si vurdert på nytt

Samtidig blir den mellombelse suspensjonen av utreiseplikta til Sudan, oppheva. Det betyr at personar frå Sudan som får endeleg avslag på asylsøknad eller andre typar opphaldsløyve, ikkje lenger har lov å opphalde seg i Noreg.

Personar frå Sudan som tidlegare har fått avslag på søknaden sin, men ikkje har ei sak til behandling hos UDI eller UNE no, kan be om ny vurdering av søknaden. Søkjaren kan sjølv be om ny behandling, eller ta kontakt via advokat eller ein annan fullmektig.

Fant du det du lette etter?