UDI flyttar bebuarane ved fire mottak


UDI har i nært samarbeid med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, vurdert at flyttinga av bebuarane ved fire mottak i desember kan skje på ein trygg måte.

Publisert: 27.11.2020 - Sist endret: 04.12.2020

Dermed blir bebuarane ved Arna mottak i Bergen, Tverlandet mottak i Bodø, Leira mottak i Levanger og Hobøl mottak i Viken, flytta til nye mottak innanfor same region. Dette vil skje gruppevis og bebuarar blir testa i samband med reisa. Driftskontraktane til desse fire mottaka går ut i desember.

Flyttinga av bebuarane ved Toten mottak blir utsett i denne runden då det ikkje ville ha vore trygt å flytte dei til nytt mottak på grunn av den lokale smittesituasjonen. Her har UDI inngått ein ny driftsavtale for eit halvt år. Det blir avgjort på eit seinare tidspunkt når denne flyttinga skal skje.

Fant du det du lette etter?