Åtte av ti brukarar har tillit til UDI


Det er aukande tillit til at UDI behandlar søknader på ein korrekt og forsvarleg måte. Det viser undersøkinga blant brukarane i år.

Publisert: 08.12.2020

I 2017 svarte 76 prosent at dei hadde tillit til saksbehandlinga, mens denne andelen i år har stige til 82 prosent. Det er den høgaste tilliten som er målt i UDIs brukarundersøkingar til nå.

Arbeidsinnvandrarar, studentar og EØS-borgarar er dei søkjarane som har høgast tillit til saksbehandlinga. Den største auken i tillit er det i familieinnvandringssaker. Der har tilliten auka med 9 prosentpoeng sidan sist, til 84 prosent.

– Undersøkinga viser at brukarane har ein aukande tillit til UDI på alle saksområde bortsett frå statsborgarskap, der han ligg stabilt, seier direktør for analyse- og utviklingsavdelinga i UDI, Stephan Mo.

Rettleiing i eit ustabilt år

Undersøkinga i år er gjennomført mens koronapandemien har sett sitt preg på samfunnet. Både rettleiing og saksbehandling er i stor grad måtta bli gjord heimanfrå, timeavtalane til politiet har vorte avlyste eller utsett på grunn av smittevern, og strenge innreisereglar har fått innverknad på kven som har kunna reise inn i landet.

– Alle desse faktorane har påverka opplevinga til brukarane av tenestene dei har fått av utlendingsforvaltninga, seier Mo.

Av dei som har vore i kontakt med rettleiingstenesta dei siste seks månadene, er det litt færre som seier at dei fekk den hjelpa dei trong samanlikna med 2017. I år seier 78 prosent at dei fekk tilstrekkeleg hjelp, mot 82 prosent i 2017.

Så langt i år har rettleiinga kunna ta imot opp imot 320 000 førespurnader. Trass i noko redusert opningstid på telefonen på grunn av koronatiltak, er dette ein klar auke frå i fjor (rundt 305 000). På ein typisk dag får rettleiingstenesta i UDI vel 1000 telefonar og rundt 300 e-postar.

 – Trass i mykje uvisse i samband med covid-19-tiltaka, opplever framleis dei fleste at dei får den hjelpa dei treng. Og det er veldig positivt at ni av ti seier dei vart møtte med vennlegheit og respekt sist dei tok kontakt, seier Mo.

Mindre fornøgd i statsborgarsaker

Mens tilliten til sjølve saksbehandlinga held seg stabil i statsborgarsakene, viser undersøkinga eit fall i kor fornøgde brukarane er med den heilskaplege kontakten med UDI i desse sakene. I 2017 var 93 prosent svært fornøgd eller ganske fornøgd – i år har dette falle til 75 prosent.

Koronapandemien har ført til lang ventetid på time hos politiet, noko som gjer at det også tek lenger tid før sakene blir oversende til UDI. I tillegg har det nesten vore ei tredobling i talet på søknader om statsborgarskap etter årsskiftet. Frå 1. januar er det ikkje lenger krav om at ein må seia frå seg det tidlegare statsborgarskapet sitt når det blir søkt om norsk. Frå januar til november søkte om lag 50 700 personar om norsk statsborgarskap, mot om lag 19 400 personar i same periode i fjor.

– Mange av tilbakemeldingane handlar om ventetida i statsborgarsaker, seier Mo.

Om undersøkinga

UDIs brukarundersøking blir gjennomført med jamne mellomrom på e-post og telefon, sist gong i 2017. Undersøkinga i år dekkjer hovudsakleg opplevinga til brukarane av kontakten med UDI. Intervjua blei gjennomførte av Norstat.

I telefonundersøkinga blei det gjennomført 500 intervju med personar som kontakta rettleiingstenesta i september og oktober. E-postundersøkinga blei gjennomført blant tilfeldige brukarar som har registrert ein søknad via søknadsportalen. Der kom det inn oppunder 3 000 svar.

Fant du det du lette etter?