Innkomstar av ukrainske flyktningar til Noreg


Ved Nasjonalt mottakssenter på Råde i Viken, er det no ca 700 asylsøkjarar. Dei fleste er flyktningar frå Ukraina.

Publisert: 06.03.2022

Kapasiteten ved senteret er høgare, men sidan det no kjem svært mange på kort tid, tek vi mellombels i bruk Scandic Helsfyr i tillegg. Hotellet er ein del av beredskapstilbodet frå Oslo kommune, og gir ein kapasitet på 1 000 plassar, fordelt på 420 rom.

Vi utvidar løpande tilbodet ved mottakssenteret og fekk i går, fredag, levert 350 ekstra madrassar og 10 nye toalett til senteret. Sjølv om det er krevjande for personalet å handtere uventa bussar som kjem med ca 50 i kvar buss, blir alle varetekne på best mogleg måte.

Ved mottakssenteret er det eit helsesenter som varetek flyktningane. På Helsfyr vil det også bli henta inn helsepersonell som kan gi eit første tilbod når dei kjem. Det er lokale helsestyresmakter som tek seg av dette.

Vi samarbeider med Noas, Raude kors og sivilforsvaret for å vareta flyktningane.

Det er viktig at flyktningane blir skjerma i den situasjonen dei er i no. Derfor tilbyr vi ikkje journalistar å komme inn, verken på mottakssenteret eller på Scandic Helsfyr. Vi ber om forståing for dette. Avtalar som allereie er etablert med enkeltpersonar, må derfor takast på utsida av bygga.

Meir informasjon

Ukrainere som har familie eller anna nettverk i Noreg treng ikkje å melde seg for politiet straks dei kjem, men kan vente på nærare beskjed. Sjå informasjon på nettsidene våre om krisa i Ukraina.

Registrerte innkomstar av ukrainarar

Sjå dagleg oversikt over registrerte asylsøknader frå ukrainske borgarar dei siste sju dagar her.

Fant du det du lette etter?