3 000 overføringsflyktningar i 2020
Noreg tar kvart år imot overføringsflyktningar i samsvar med ein kvote som er politisk bestemt (pdf, 116 kB). Justis- og beredskapsdepartementet har fordelt 3 000 plassar på ulike uttaksland og flyktninggrupper, i kvotesamansetninga for neste år.
Om lag 100 plassar blir overførte frå 2019, ettersom tryggingssituasjonen i Libya har gjort at ein ikkje har kunna fylle alle plassane på inneverande kvote.
Blant dei 3 000 overføringsflyktningane er
-
800 syrarar til saman frå Libanon og Jordan
-
1 250 kongolesarar, sørsudanarar, jemenittar og somaliarar frå Etiopia, Kenya og Uganda
-
personar som blir evakuerte frå Libya til Romania og Rwanda, inkludert 300 kongolesiske flyktningar som allereie er registrerte i Rwanda
-
åpen kvote på 150 personar
Samansetninga av kvoten blei noko justert i slutten av februar 2020 (sjå lenka øvst i saka).