3 000 overføringsflyktningar i 2020


Kvoten for overføringsflyktningar i 2020 held seg på same nivå som i 2019.

Published: 23.12.2019 - Last changed: 28.02.2020

Noreg tar kvart år imot overføringsflyktningar i samsvar med ein kvote som er politisk bestemt (pdf, 116 kB). Justis- og beredskapsdepartementet har fordelt 3 000 plassar på ulike uttaksland og flyktninggrupper, i kvotesamansetninga for neste år.

Om lag 100 plassar blir overførte frå 2019, ettersom tryggingssituasjonen i Libya har gjort at ein ikkje har kunna fylle alle plassane på inneverande kvote.

Overføringsflyktningar er personer som vanligvis er registrerte som flyktningar hos UNHCR, men som ikkje kan bli tilbydt ei varig løysing i landet dei befinner seg i, og som derfor blir presenterte for overføring til eit tredje land.

Blant dei 3 000 overføringsflyktningane er

  • 800 syrarar til saman frå Libanon og Jordan

  • 1 250 kongolesarar, sørsudanarar, jemenittar og somaliarar frå Etiopia, Kenya og Uganda

  • personar som blir evakuerte frå Libya til Romania og Rwanda, inkludert 300 kongolesiske flyktningar som allereie er registrerte i Rwanda

  • åpen kvote på 150 personar

Samansetninga av kvoten blei noko justert i slutten av februar 2020 (sjå lenka øvst i saka).

Did you find what you were looking for?