Korleis kan eg trekkje søknaden min og få betalt tilbake gebyret?


Viss du ønskjer å få betalt tilbake eit søknadsgebyr, må du kontakte den relevante ambassaden som er ansvarleg for søknaden din. UDI kan ikkje hjelpe deg med tilbakebetaling.

Du kan berre få betalt tilbake søknadsgebyret viss du ikkje har møtt opp og levert søknaden ved personleg oppmøte.

Dersom du har fylt ut feil søknadsskjema, må du registrere ein ny søknad. For å få refundert søknadsgebyret for den første søknaden, må du kontakte den relevante ambassaden (eksternt nettsted) 

Viss du ønskjer å trekkje ein søknad før du har møtt opp for å levere søknadsdokumenta, må du kontakte ambassaden du valde i søknadsskjemaet og be om å få refundert gebyret.

Du finn meir informasjon om refusjon av gebyr her.

Når vi får informasjonen om at du vil trekkje søknaden, legg UDI bort saka di og sender deg ei skriftleg stadfesting på bortlegginga.